Høyring - handlingsprogram for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2025

Kva anlegg bør bli prioritert til idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet? Har du innspel til tiltak som bør med i handlingsprogram 2025? Høyringsfrist er 11. mai. 

Handlingsprogrammet er ein strategi/arbeidsplan for tiltak/mål. Programmet vert rullert årleg, før søknadsrunden om statlege spelemidlar. 

Alle med interesse for tilrettelegging, utvikling eller bygging av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet kan kome med innspel til anleggstiltak, eller til foreslått handlingsprogram.

Kommunen ber om skriftlege innspel til: 

  1. Handlingsprogram 2025
  2. Nye tiltak i handlingsprogrammet
    1. Kortsiktig/prioritert del
    2. Langsiktig/uprioritert del 

Søkar skal legge ved utfyllande informasjon om tiltaket jf. vilkår i høyringsbrev.

Ved søknad om spelemidlar til ordinære anlegg skal tiltak vere omtalt i handlingsprogrammet. Nærmiljøanlegg treng ikkje å vere omtalt i programmet, men ein ønsker det for enklare oversikt og prioritering. Inntak i handlingsprogrammet er ikkje ein garanti for tilsegn frå spelemidlane.

Dokument i saka

Slik sender du inn innspel

Send helst spørsmål, innspel og merknader til ei sak digitalt. 

Send høyring digitalt

Det er også mogeleg å sende e-post (postmottak@alesund.kommune.no) eller brevpost til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Merk e-posten eller brevet med tittelen på høyringa. 

Vær obs på at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, så ikkje send sensitive opplysningar.

Ansvarlig for høyringa: Verksemd kultur og fritid

Høyringsfrist: 11. mai 2025.