Høyring av planprogram - Plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2026 – 2030

Planprogrammet fastsett korleis prosessen med å lage ny plan skal skje. Har du innspel til innhald i planprogrammet? 

Høyringsfrist: 13. juli 2025

Etter samanslåing og deling er det behov for ein ny temaplan innan idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet for nye Ålesund kommune, og du kan no kome med innspel til planprogrammet. 

Planen skal:

  • Vere eit styringsdokument for satsing på idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Ålesund kommune. 
  • Fungere som ein rettesnor for planmessig og samordna anleggsutvikling for både det offentlege, og lag og organisasjonar.
  • Fremme iverksetting av tiltak som fremmer idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i eit breitt perspektiv.
  • Nyttes som grunnlag for revisjon av kommuneplan, slik som arealdelen og økonomiplanar.
  • Vere bestemmande for kommunen, og gi føringar til fylkeskommunen ved prioriteringar av søknadar om offentleg støtte til tiltak, f.eks spelemidlar.
  • Bidra til ansvarsavklaring, betre informasjon og samarbeid mellom innbyggarar, organisasjonslivet og kommunen ved å skildre utvikling og utfordringar i fagfelta, og synleggjere samfunnsverdi, eigenverdi og nytte.
     

Dokument i saka

 

 

Slik sender du inn innspel

Send helst spørsmål, innspel og merknader til ei sak digitalt. 

Send høyring digitalt

Det er også mogeleg å sende e-post (Postmottak@alesund.kommune.no) eller brevpost til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Merk e-posten eller brevet med tittelen på høyringa. 

Vær obs på at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, så ikkje send sensitive opplysningar.

Ansvarlig for høyringa: Virksomhet: Kultur og fritid. Avdeling: Idrett og fysisk aktivitet

Høyringsfrist: 13.07.2025