Høyring av forskrift for private barnehagar

Formannskapet i Ålesund kommune har vedtatt å sende forslag til lokal forskrift om rapporteringstidspunkt for private barnehagar på offentleg høyring. Høyringsfristen er 30. oktober 2026.

Bakgrunn for høyringa

Det er vedteke endringar i barnehagelova og forskrift om finansiering av private barnehagar. Endringane inneber at dersom kommunen ønskjer fleire rapporteringstidspunkt enn den nasjonale rapporteringa til Utdanningsdirektoratet per 15. desember, må dette fastsetjast i lokal forskrift.

Ålesund kommune har i fleire år nytta eit ekstra lokalt telletidspunkt 1. september i samband med berekning av kommunalt tilskot til private barnehagar. Tidlegare har dette vore regulert gjennom lokale retningslinjer. Etter nytt regelverk må ordninga forskriftsfestast dersom ho skal vidareførast.

Forslaget som no blir sendt på høyring, gjeld berre rapportering knytt til berekningsgrunnlaget for kommunalt tilskot til private barnehagar.

Kva går forskriftsforslaget ut på?

Forslaget vidarefører dagens praksis med to telletidspunkt:

  • 15. desember året før tilskotsåret
  • 1. september i tilskotsåret

Rapporteringa omfattar mellom anna:

  • tal på barn
  • alder på barna
  • opphaldstid
  • tal på årsverk

Telling per 15. desember skal danne grunnlag for tilskot i perioden januar til august. Telling per 1. september skal danne grunnlag for tilskot i perioden september til desember, og for forskotsutbetaling i første kvartal året etter.

Kommunen vurderer at eit ekstra telletidspunkt gir eit meir oppdatert grunnlag for berekning og justering av tilskot, og bidreg til betre samsvar mellom faktisk barnetal og utbetalt tilskot.

Ålesund kommune ønskjer særleg innspel på

  • om forskriftsutkastet er tydeleg og praktisk gjennomførbart
  • om telletidspunktet 1. september framleis er føremålstenleg
  • om forskrifta gir tilstrekkeleg føreseielegheit for private barnehagar
  • om det er forhold i forskriftsteksten som bør presiserast eller justerast

Vidare saksgang

Etter høyringsperioden vil innkomne uttalar bli vurderte og oppsummerte av administrasjonen.

Planlagd vidare behandling:

  • Hovudutval for oppvekst og kultur: 2. desember 2026
  • Kommunestyret: 10. desember 2026

Lokal forskrift må vere vedteken før tilskotsåret 2027 tek til.

Dokument i saka

Forslag til forskrift om rapporteringstidspunkt for private barnehager i Ålesund kommune

Slik sender du inn innspel

Send helst spørsmål, innspel og merknader til ei sak digitalt. 

Send høyring digitalt

Det er også mogeleg å sende e-post (Postmottak@alesund.kommune.no) eller brevpost til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Merk e-posten eller brevet med tittelen på høyringa. 

Vær obs på at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, så ikkje send sensitive opplysningar.

Ansvarlig for høyringa: Team oppvekst

Høyringsfrist: 30. oktober 2026