Hovudutval for teknisk, miljø og samferdsel har i sak 027/26 vedteke at Hovudplan for vatn og avløp i Ålesund kommune 2026-2035 skal leggast ut til offentleg høyring.
Planen gir oversikt og prioriteringar for arbeidet med vatn og avløp i perioden fram til 2035.
Hovudplanen er i tråd med kommunal planstrategi og har desse hovudmåla:
- Trygge avløpsløysingar som ivaretek miljø og helse
- Nok vatn, godt vatn og sikkert vatn
- Berekraftig og forutsigbar økonomi i VA-tenestene
- VA-sektoren vert tilpassa klimaendringar og bidreg til miljø- og klimamål.
Her kan du lese planen
Du kan også lese planen hos innbyggartorga i kommunen.
Innspel
Innspel til planen skal vere skriftlege.
Du kan sende innspel med
- post til:
- Ålesund kommune, Vatn og avløp, Postboks 1521, 6025 Ålesund,
eller med
- e-post til:
- postmottak@alesund.kommune.no
Merk innspela med “Saksnummer 24/14591"
Frist for innspel er søndag 16. august 2026.