Om sommaren er det mykje aktivitet i Ålesund sentrum, med mange tilreisande og enkelte dagar med store cruiseanløp.
Dette kan føre til:
- noko meir trafikk og kø i periodar
- noko lengre reisetid
- auka bruk av fortau og gangområde
Når er det mest travelt?
Det er oftast mest folk i sentrum:
- i juni, juli og august
- på dagar med over 8 000 cruisepassasjerar
- på dagtid, spesielt mellom kl. 07-17
På slike dagar kan det vere langt fleire menneske i sentrum enn vanleg.
Råd for trafikken på travle cruisedagar
For å gjere kvardagen litt enklare på travle cruisedagar, tilrår vi:
- planlegg reisa litt ekstra
- sjekkar oversikta over cruisedagar og reknar med noko meir trafikk enn vanleg
- bereknar betre tid, særleg midt på dagen
- vurderer alternative reiseruter dersom du har moglegheit
- bruker andre transportmåtar, som å gå, sykle eller reise kollektivt, dersom det passar
- er ekstra merksam i trafikken, sidan mange besøkande ikkje er lokalkjende
Dagar med svært mange cruiseturistar
Full oversikt over cruiseanløp finner du på nettsida til Ålesund havnevesen.
Tabellen nedanfor viser dagar i 2026 med særleg mange cruiseturistar, det vil seie over 8 000 passasjerar. Det kan bli endringar i oversikta som følgje av endringar i ruter og anløp.
For næringsliv og arrangørar
Travle cruisedagar kan gi både auka aktivitet og større belastning. Verksemder bør vere førebudde på:
- fleire besøkjande i sentrum
- press på logistikk og varelevering
- behov for tydeleg informasjon til kundar
- ekstra behov for ryddigheit og avfallshandtering
Kvifor informerer kommunen?
Målet er å:
- gjere det enklare å planleggje
- redusere ulemper i sentrum
- bidra til trygg ferdsel og godt bymiljø
Kommunen følgjer utviklinga i besøkspresset og arbeider med byen si tålegrense.
Sjå også
Offentlege toalett i Ålesund sentrum