På enkelte dagar, særleg i sommarmånadene, er det svært mange cruiseturistar i Ålesund sentrum. Det kan føre til kø, trengsel og ventetid. Her finn du oversikt over dei mest travle dagane – og råd til korleis du kan planleggje betre.
Når er det mest travelt?
Det er oftast mest folk i sentrum:
- i juni, juli og august
- på dagar med over 8 000 cruisepassasjerar
På slike dagar kan det vere langt fleire menneske i sentrum enn vanleg.
Kva betyr dette i praksis – og kva bør du gjere?
På travle cruisedagar kan det vere:
- meir trafikk og fleire gåande
- mindre tilgang på parkering
- kø ved enkelte attraksjonar, toalett og tenester
- større press på kollektivtransport
For å unngå unødig trengsel, rår vi deg til å:
- setje av ekstra tid
- vurdere alternative tidspunkt for ærend
- sjekke transport- og parkeringssituasjon på førehand
- følgje skilting, tilvisingar og mellombelse trafikktiltak
- vise omsyn i fellesareal og offentlege rom
Små tilpassingar frå mange gjer kvardagen enklare for alle.
Dagar med svært mange cruiseturistar
Full oversikt over cruiseanløp finner du på nettsiden til Ålesund havnevesen.
Her er ei oversikt over dagar der det er venta særleg mange cruiseturistar (over 8 000 passasjerar) i 2026:
For næringsliv og arrangørar
Travle cruisedagar kan gi både auka aktivitet og større belastning. Verksemder bør vere førebudde på:
- fleire besøkjande i sentrum
- press på logistikk og varelevering
- behov for tydeleg informasjon til kundar
- ekstra behov for ryddigheit og avfallshandtering
Kvifor informerer kommunen?
Målet er å:
- gjere det enklare å planleggje
- redusere ulemper i sentrum
- bidra til trygg ferdsel og godt bymiljø
Kommunen følgjer utviklinga i besøkspresset og arbeider med byen si tålegrense.