Søknad om køyrerute for bytog

 Søknadsfrist for året 2026 er 22. februar.

I samband med nye rutinar for behandling av søknad om dispensasjon for køyring av sightseeing-tog frå Statens vegvesen, har kommunen måtte innføre ein samordna søknadsprosess for framtidige køyreruter på kommunal veg.

Følgande informasjons skal leggast ved søknaden:

  • Talet på togsett
  • Reg.nr på kvart togsett
  • Beskrivelse av køyrerute, haldeplassar og talet på planlagde passeringar innanfor gitt tidsrom på gitt strekning
  • Kart

Søknadsfrist for året 2026 er 22. februar. Løyvet vil bli gitt for tre sesonger, frå 2026 til og med 2028. 

Søknadsskjema om køyrerute for bytog 

Kommunen vurderer køyrerute og talet på vognsett pr. strekning ut i frå ulike kriterium. Desse kriteria kan til dømes vere vegtype, vegbreidd, trafikkmengd, type trafikk, kryssutforming, av- og påstigingsplassar,  tilstand og forhold på vegstrekninga generelt, og dessutan særlege omsyn til omgivnader. Politiet skal også godkjenne køyreruta.

Dersom belastning på ein omsøkt strekning overgår det som kommunen finn forsvarleg for kvar enkelt strekning, vil tildeling bli basert på faglege vurderingar. Om fleire søkarar still likt etter dei faglege vurderingane, vil tildeling avgjerast ved loddtrekking.

Tildelinga om køyrerute er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.