Leige av torg, fortau og gater

Både bedrifter og privatpersonar kan søke om å leige kommunalt areal i Ålesund, men ein kan ikkje leige areal til private eller lukka arrangement, som private selskap eller feiringar.

Når må du søke om å leige uteområde?

Skal du ha eit arrangement eller ein aktivitet på offentleg grunn, må du sende inn ein søknad.

Kvar kan du leige torgplass i Ålesund sentrum?

Vi har tilgjengelege areal:

  • på Kiperviktorget
  • i Korsatunnelen
  • i Kongens gate
  • på Apotekertorget

Kva må du vite før du leiger torgplass

For nokre arrangement, må ein søkje tillating frå myndigheitene. Du er sjølv ansvarleg for å skaffe tillatingane du må ha.

Kva kostar det å leige?

Prisar for leige av kommunal grunn og torg
Gebyr Sats 2024
Dagleige av torgplass 192,-
Fast torgplass Kiperviktorget pr mnd inkl. renovasjon 4 222,-
Fast torgplass pr mnd 3 572,-
Korsatunnelen - en dags arrangement 5 407,-
Leige ut over ein dag etter avtale Etter avtale
Strømuttak pr dag (maks 10 A), strømforbruk utover dette blir ganget opp. 21,-

Søk om å leige areal

Bestill torgplass her

Langtidsleige

Om du vil leige offentleg areal over lengre tid, send en e-post til Ida Morsund

Ansvarleg for tenesta