Kommunen, fylket og Statens vegvesen jobbar saman for å lage ein Utviklingsplan for kollektivtrafikken.
Sist endra 30.12.2022 10.10
Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.
Målet er at 15 prosent av alle reiser i 2030 skal skje med buss og båt. Då er det behov for både fysiske tiltak slik at bussen kjem raskare fram, driftstiltak og utvikling av rutetilbodet, med fleire og oftare bussar, nye billetteringsløysingar og mykje meir.
For å finne ut korleis kollektivtilbodet bør sjå ut i framtida, blei det utarbeidd ei vurdering av ulike kollektivkonsept for Ålesundregionen i 2030. Les meir i COWI-rapporten.