I 2021 vedtok Stortinget ein lov om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn. Ålesund kommune har laga ei lokal forskrift til lova. Forskrifta inneber at utleigeaktørar for elsparkesyklar må ha løyve frå kommunen for utleige på all offentleg grunn. Kommunen kunngjer løyvet årleg. For å få løyve må utleigarane oppfylle minimumskrava til søknaden.
Ålesund kommune kunngjer søknadsinformasjon for løyveperioden 1. mai til 31. desember 2025 for utleige av elsparkesyklar på offentleg grunn. Det blir gitt løyve til 300 elsparkesyklar i sone 1 (Steinvågbrua - Fagerlia). Mengd elsparkesyklar i sone 1 fordelast likt på alle søkarar som fyller vilkåra for løyve, men likevel slik at kvar søkar maksimalt får det tal elsparkesyklar det er søkt om, sjå forskrifta § 5 bokstav c.
I resten av kommunen er det ikkje sett grense for mengd elsparkesyklar.
- Alle felt skal fyllast ut i den digitale søknadsportalen. Endring av kontaktinformasjon skal med ein gong meldast til postmottak@alesund.kommune.no.
- Ålesund kommune avgrensar ikkje totalt mengd elsparkesyklar i kommunen, men avgrensar mengd syklar i sone 1, jf. forskrift om utleige av elsparkesyklar i Ålesund kommune, Møre og Romsdal § 7 bokstav a.
Mengd elsparkesyklar i sone 1 fordelast likt på alle søkarar som fyller vilkåra for løyve, men likevel slik at kvar søkar maksimalt får det tal elsparkesyklar det er søkt om, sjå forskrifta § 5 bokstav c. - Søker skal vise til at dei er i stand til å både ta i mot og sende data gjennom MDS Policy- og Agency API. Detaljert dokumentasjon finnes her.
Søker skal legge ved dokumentasjon som stadfestar at det er implementert nødvendig teknologi for å handtere geofencesoner for ulike former for parkeringsrestriksjonar, ferdselsforbod og fartsgrense frå og med 04.04.2025, eventuelt, at søker held på å utvikle nødvendig teknologi og har dette klart til fristen.
Søknadsprosessen
Vi ber søkarane sette seg inn i vilkåra for løyveordninga og forskrift om utleige av elsparkesyklar på offentleg grunn, Ålesund kommune, Møre og Romsdal, vedtatt i Ålesund kommunestyre 16.06.2022.
Sjå lokal forskrift om utleige av elsparkesyklar på offentleg grunn.
Søknaden skal sendast inn gjennom Ålesund kommune sin digitale søknadsportal innan 04.04.2025.
Søknaden skal skrivast på norsk og all informasjon frå Ålesund kommune vil vere på nynorsk eller bokmål. Vert det vist til ekstern informasjon må denne vere på norsk eller engelsk. Søknader som kjem inn etter fristen blir ikkje vurdert. Søkar har risikoen for at søknaden blir levert i tide.
For spørsmål ta kontakt med avdeling Forvaltning, miljø og samferdsel ved
Ida.Morsund@alesund.kommune.no eller Anita.Ulvestad@alesund.kommune.no
Søk om løyve på søknadsportalen her.
Slik handterast søknadane
Kommunen planlegg at løyvet vil vere aktivt frå 01.05.2025.
Etter utløpet av søknadsfristen skal alle kommunikasjon mellom søkarane og Ålesund kommune skje skriftleg via e-post: postmottak@alesund.kommune.no
Søknadane vil i utgangspunktet bli vurdert på grunnlag av den dokumentasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.
Kommunen vil kunne be søkar ettersende, supplere, avklare eller utfylle opplysingar og dokumentasjon etter ein kort tilleggsfrist dersom opplysingane eller dokumentasjonen synast å innehalde feil, uklarheiter eller dersom bestemte opplysingar eller dokument manglar.
Av omsyn til likebehandlingsprinsippet skal ei ettersending, supplering, avklaring eller utfylling ikkje føre til at søknaden forbetrast.
Alle som har søkt om å få løyve vil få informasjon om tildeling eller avslag på søknad om løyve, inkludert kven som har fått løyve. I tillegg vil dei som har fått løyve bli offentleggjort på Ålesund kommune sine nettsider.
Tildeling skjer i vedtak som kan klagast på med alminneleg klagefrist.
Tildeling kan gjerast om dersom kommunen finn at den er fatta i strid med forskrifta eller anna regelverk, her under sakshandsamingsreglar.
Klage
Avslag på søknad om løyve til utleige av elsparkesyklar kan klagast på, jf. forvaltningslova § 28. Vedtak om å gi eller ikkje gi løyve er enkeltvedtak som kan klagast på. Mangelfulle søknadar avvisast og kan også klagast på.
Eventuell klage med grunngjeving skal sendast til postmottak@alesund.kommune.no
Fristen for å klage er tre veker frå vedtaket vart mottatt. Ei eventuell klage settast fram for Ålesund kommune, og blir behandla fortløpande. Dersom Ålesund kommune ikkje finn grunnlag for å endre eller gjere om vedtaket, vil klaga verte oversendt til Ålesund kommune si klagenemnd som rett klageinstans.
Klage over forhold som er avgjort ved lov eller forskrift, vil normalt ikkje bli gitt oppsettande verknad. Begjæring om utsett iverksetting vil bli behandla på vanleg måte etter reglane i forvaltningslova § 42.
I løyvet vil kommunen bestemme at søksmål ikkje kan bli tatt ut før det ligg føre endeleg vedtak i klagesaka, jf. forvaltningslova § 27 b.
Generell informasjon
Vi gjer merksam på at nytt regelverk som blir innført av lovgivar må følgast uavhengig av kva vilkår som er nedfelt i løyvet.
Avgrensinga av sone 1 i Ålesund kommune er slik som bildet under viser. Sonene kan til eikvar tid justerast. Dette vil automatisk tilsendast operatørane med hjelp av Policy API og oppdaterast på heimesidene til kommunen.
Kart over sone 1 for elsparkesyklar.
Nivel.no
Utgangspunktet er at utleigar pliktar å rydde fortløpande, men der det er hensiktsmessig kan kommunen også ta kontakt med utleigar om behov for rydding av elsparkesyklar. Følgande tidsfristar gjeld frå det blir tatt kontakt til oppgåva skal vere starta på staden:
Desse fristane gjeld ikkje ved behov for inntauing etter vegtrafikklovas § 37 eller forskriftas § 10.
Kontroll av mengd syklar
For kontroll av antalsbegrensinga vil det nyttast sanntidsdata frå MDS Agency API. Data vert mottatt og lagrast slik at det er mogleg å sjå antal køyretøy, status og type i kvar sone i sanntid og tilbake i tid.
Plassering av køyretøy
Plassering av køyretøy er i samsvar med § 2 i forskrifta definert som «eikvar plassering, utplassering, flytting, omplassering eller rydding som utleigar, brukar av leigeordninga, eller representantar som opptrer på utleigar eller brukar sine vegne, utfører med utleigars elsparkesykkel.»
I sentrumssona skal denne plasseringa skje på p-plassar som er merka i kartet nedanfor.
Kart over parkeringssoner for elsparkesyklar i sentrum.
Nivel.no
Der det ikkje er mogleg å plassere elsparkesykkelen på oppmerka plassar skal plassering skje på ein måte som tilfredsstiller alle krav i trafikklovgivinga og i tillegg følgande minimumskrav:
- Minimum 2 meter fri fortausbreidde
- Minimum 2,5 meter frå ledelinjer for blinde og svaksynte
- Minimum 2,5 meter frå alle sidene til sykkelstativ på offentleg grunn
- Sykkelstativ skal ikkje nyttast til plassering
Avstandskrava gjeld etter at all plassering er gjennomført.
Ved utkøyring av elsparkesyklar kan det plasserast køyretøy på maksimalt 50 % av oppmerka parkeringsplassar, men avgrensa til at det alltid skal vere ledig plass til minimum fire elsparkesyklar.
Informasjon til brukar
Utleigar plikter å informere sine brukarar om kva som er god og omsynsfull parkering og at dei i størst mogleg grad skal bruke plassar avsett til parkering der desse finnast. Retningslinjer, lovar og reglar må informerast ut til brukar. Dokumentasjon på korleis utleigar skal gjennomføre dette skal følgje søknaden.
Geofencesoner
Kommunen vil varsle om større endringar i geofencesoner og tilhørande reglar og utleigar har 24 timar på å rette seg etter dette. Endringar i soner og reglar blir sendt over til MDS Policy API.
Ålesund kommune har i samarbeid med Nivel AS fått utvikla ein eigen feilparkerings-app, som er tilgjengeleg i App Store og Google Play. I denne appen kan publikum enkelt og anonymt registrere ei feilparkering, som blir meldt vidare til riktig operatør og til kommunen. Innan 24 timar må utleigar handtere feilparkering som blir rapportert gjennom feilparkeringsappen.
Handheving av løyvet
Ålesund kommune har moglegheit til å fjerne og ta i forvaring køyretøy som er parkert eller plassert i strid med vilkåra i løyvet. Gebyret for brot på vilkåra er dei same satsane som gjeld ved brot av vegtrafikklova § 37. Det blir vist til Samferdselsdepartementet vedrørande størrelse på gebyr, rutine for betaling og utlevering av køyretøyet.
For å kontrollere at krava i løyvet blir halde, vil mellom anna historiske lokasjonsdata for kvart enkelt køyretøy bli brukt. Løyvet kan trekkast tilbake ved gjentatte eller grove brot, jf. forskrifta § 12.
Utleigars kostnadar
Det er gratis å søke om løyve til utleige av elsparkesyklar. Ålesund kommune dekker ikkje søkars kostnadar i samband med søknaden.
Utleigarane som får løyve skal betale gebyr for dekking av kommunens utgifter i samband med administrasjon og tilrettelegging for, samt utgifter til tilsyn og kontroll med utleigeverksemda i samsvar med sjølvkostprinsippet.
Kommunen sine utgifter for løyveperioden 2025 er utrekna til å vere
587 000 kroner. Utgiftene blir fordelt forholdsmessig mellom utleigarane etter mengd elsparkesyklar utleigaren får løyve til å leige ut. Ålesund kommune vil sende faktura så snart løyvet er tildelt.
Vi gjer merksam på at utgifter kommunen har hatt i samband med fjerning og forvaring av elsparkesyklar ikkje inngår i utrekninga av gebyret.
Utleigar som avsluttar verksemda eller mistar løyvet
Dersom ein utleigar avsluttar si verksemd eller løyvet blir trekt tilbake, vil mengd syklar bli fordelt på resterande operatørar.
Søk om løyve på søknadsportalen