Utleigeselskapa skal følge kommunen si forskrift for elsparkesykkelutleige, som regulerer mellom anna parkering, mengdeavgrensing og drift. Forskrifta kom på plass etter at stortinget vedtok ei lov om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn i 2021.
Reglar for bruk av elsparkesyklar
For å bruke elsparkesykkel må du laste ned ein app frå den eller dei operatørane du ønsker å nytte deg av. Du må registrere deg, og elles følgje instruksjonane i appen. Operatørane fastsett prisen og desse finn du i appane deira.
Elsparkesyklar definerast som ei lita elektrisk motorvogn. Det inneber at det er lov å nytte elsparkesyklar på fortau, gangvegar og i gågater, men omsynet til fotgjengarar veg tyngst. Er det trangt om plassen på fortauet, må du enten fortsette køyreturen i vegbana eller leie sykkelen på fortauet. Elsparkesyklistar må passe på at dei verken er til fare eller hinder for fotgjengarane. Vis omsyn ved å passere dei gåande med lav fart (maks 6 km/t) og hald god avstand.
Kommunen har definert soner med redusert hastigheit, til dømes i områder med mange fotgjengarar. Her vil du oppleve at elsparkesykkelen ikkje går fortare enn den fastsette fartsgrensa. Kommunen har også definert områder der du ikkje kan køyre elsparkesykkelen. Beveg du deg inn i ei slik sone, vil motoren gradvis slå seg av.
Det er kun tillate med éin person på kvar elsparkesykkel. Køyring med fleire på kan gi eit gebyr på 3000 kr.
Aldersgrense for å køyre elsparkesykkel er 12 år, med hjelmpåbod for alle under 15 år. Sjølv om kravet berre gjeld for dei under 15 år, anbefaler vi alle å bruke dette for å auke sikkerheita. Utleigeselskapa har forplikta seg til å legge til rette for og lønne bruk av hjelm.
Merk at utleigeselskapa for elsparkesyklar kan ha mellom 15-18 års aldersgrense for bruk av deira syklar.
Det er forbode å køyre i ruspåverka tilstand. Det er den alminnelege promillegrensa på 0,2 som gjeld, også for elsparkesykkel.
Parkering av elsparkesyklar
Når du parkerer, anten som utleigar eller brukar av leigeordninga, skal det skje på følgande måte:
I sentrumssona skal plasseringa skje på p-plassar som er merka i kartet nedanfor. I soner med parkering forbode (til dømes i parkar og langs vatn) får du ikkje avslutta turen.
Der det ikkje er mogleg å plassere elsparkesykkelen på oppmerka plassar skal plassering skje på ein måte som tilfredsstiller alle krav i trafikklovgivinga og i tillegg følgande minimumskrav:
- Minimum 2 meter fri fortausbreidde
- Minimum 2,5 meter frå ledelinjer for blinde og svaksynte
- Minimum 2,5 meter frå alle sidene til sykkelstativ på offentleg grunn
- Sykkelstativ skal ikkje nyttast til plassering
Kart over parkeringssoner for elsparkesykler i sentrum.
Nivel.no
Vis omsyn til andre
Ta særskilt omsyn til behovet for framkome for svaksynte, rullestolbrukarar og dei med barnevogn når du vurderer kvar du skal parkere. Bruk oppmerka plassar der det er slike. Set alltid sykkelen langs vegger eller kantar slik at den stikk minst mogleg ut på gangareal. Annan trafikk må heller ikkje bli unødig hindra eller forstyrra som følgje av parkeringa di.
Dersom du parkerer elsparkesykkelen på ein slik måte at den hindrar framkome for andre, kan du risikere å få eit parkeringsgebyr på kr 900.
Ålesund kommune har i samarbeid med Nivel AS fått utvikla ein eigen feilparkerings-app, som er tilgjengeleg i App Store og Google Play. I denne appen kan du enkelt og anonymt registrere ei feilparkering, som blir meldt vidare til riktig operatør og til kommunen.
Du kan også kontakte dei ulike operatørane dersom du oppdagar feilparkering. Du kan gi beskjed direkte i operatørens eigen app, eller på kontaktinformasjon oppgitt i eige avsnitt på denne sida.
Utleigeaktørar som har løyve i Ålesund:
Lovar og retningslinjer for elsparkesyklar
Elsparkesyklar - små elektriske køyretøy er frå 15. juni 2022 omklassifisert frå «sykkel» til «motorvogn».
Les meir her: