Vis dovett

Det er berre tiss, bæsj og dopapir som skal i do. Alt anna lagar store problem for rørsystemet - og for deg.

floke av filler som har stoppa ei pumpe - Klikk for stort bileteEi slik floke av filler stansar og i verste fall øydelegg pumpene i pumpestasjonane.

Kastar du matrestar, olje og feitt i do, inviterer du rotter og andre skadedyr heim til deg.

Våtserviettar, filler, q-tips, bind og anna søppel gir også trøbbel.

Dette tettar rør og gir stans i pumpene våre, som gjer at vi i snitt rykker ut ein til to gongar for dag for å ordne opp i det folk har kasta i do. Det er unødvendig arbeid, kostar dyrt - og må til slutt betalast av innbyggarane. 

Dovettreglar

  • Tiss, bæsj og dopapir er det einaste som skal i do!
  • Ikkje kast våtserviettar, q-tips og feitt i do! Det tettar igjen røra.
  • Stivna feitt og andre matrestar skal i matavfallet.
  • Ha bossbøtte på badet slik at du kastar bosset i bøtta i staden for i do.   
     

Meir informasjon