Slik sjekkar du om du får varsel frå oss
Varslemeg.no er ein portal for vassavstengingar, graving med meir. Her kan du sjølv legge inn adresse og telefonnummer og sjekke om du ligg inne, for å bli varsla.
- Gå inn på Varslemeg.no.
- Trykk på "Ny/endre oppføring" for å sjekke oppføringa di.
- Du blir spurt om telefonnummer og får tilsendt ein PIN-kode. Det er lurt å ha ha klart matrikkelnummer for den eigedomen du ønsker å blir varsla for
Har du jobbtelefon eller hemmeleg nummer?
Dersom du har mobiltelefon gjennom jobben eller hemmeleg nummer (telefon som er reservert mot visning i nummeropplysingstenester), får du i utgangspunktet ikkje meldingar som blir sendt ut frå kommunen.
Då er rådet vårt at du legg inn telefonnummeret ditt sjølv på Varslemeg.no. slik at du får varsel slik du ønsker. Telefonnummer som blir registrert i denne databasen er hemmeleg for alle andre.
Korleis finn kommunen telefonnummeret mitt?
Adressedatabasen som blir brukt under varsling er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysing frå alle teleoperatørane og informasjon frå GAB-registeret. Innbyggarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og får dermed heller ikkje varsel om for eksempel stenging av vatn.
Blir bedrifter varsla?
Adressedatabasen som blir brukt til varsling har også adresser og telefonnummer til bedrifter. Kontaktinformasjon blir henta frå Einingsregisteret. Det er ikkje sikkert namna som ligg her er dei rette personane som bør få varsel. Vi rår difor bedrifter til å sjølve legge inn namn på dei personane dei ønskjer skal få melding.
Varslingssystemet er meint som ei sikkerheit for di bedrift, verksemd eller institusjon. Om vi skal kunne nå ut på ein rask og effektiv måte, er vi avhengige av at rett kontaktperson blir registrert.
Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tasteval for vidarekopling er difor lite eigna som kontaktnummer for næringsverksemder. Dersom di bedrift er registrert med et slikt nummer, bør dette endrast for å vere sikker på at bedrifta får eventuell varsling.
Korleis registrere bedrifta
Ved å registrere bedrifta via Varslemeg.no kan bedrifta registrerast som ein sårbar abonnent.
1. Gå til Varslemeg.no og klikk på "Ny/endre oppføring"
2. Oppgi telefonnummer for å få PIN-kode for innlogging.
OBS: Dette telefonnummeret blir automatisk oppført som oppføring for bedrifta og varslingar som blir sende via SMS vil gå direkte til dette nummeret.
Deretter får du ei oversikt over eksisterande oppføringar knytt til oppgitt telefonnummer.
3. For å legge til ny oppføring for bedrifta di, klikk "Legg til ny oppføring". Viss du ønskjer å endre eksisterande oppføring klikkar du på denne i staden for.
4. Vel "Bedrift" for å starte registering av bedrift.
5. Fyll inn organisasjonsnummer (9 siffer) og namn på bedrifta. Ønsker du at namn og org.nr skal skjulast for varslingsloggen vår kryssar du av for "hemmeleg".
6. Vel deretter kva kommune som skal ha tilgang til oppføringa.
7. Legg inn gatenamn og husnummer, vel utor lista som Varslemeg.no foreslår.
8. Vel kva gruppe bedrifta tilhøyrer, basert på vald gruppe vil sårbarheit setjast automatisk.
9. Legg inn tilleggstelefonnummer som kjem i tillegg til telefonnummer som vart nytta for å logge inn. Dette nummeret vil også bli varsla knytt til oppgitt gatenamn. (Dette steget er valfritt)
10. Klikk "Lagre" og logg ut.
-
Har du 20 liter per person heime i beredskap?
Direktoratet for sikkerheit og beredskap rår oss til å lagre 20 liter drikkevatn per person. Då har du til minimumsbehovet for ei veke dersom noko skulle skje med vatnet i springen.
Reint vatn på reine behaldarar kan lagrast i årevis utan at det blir farleg å drikke.
Fleire tips om lagring av vatn finn du her.