Tømming av slam

Kommunen skal sørge for tømming av mindre reinseinnretningar som slamavskiljarar og oppsamlingstankar med ubehandla sanitært avløpsvatn

Det er Ålesundsregionens interkommunale miljøselskap, Attvin som utfører tenesta for Ålesund kommune.

Spørsmål knytt til tømming av septiktankar, tette tankar, minireinseanlegg o.l. skal rettast til Attvin, telefon 70 31 41 00. 

Når er det tømming?

Ved å logge inn på Di side på www.attvin.no  kan du søke opp registrerte opplysninger og planlagt tømmetidspunkt.

Les meir om slamtømming på nettsida til Attvin

Pris

Sjå betalingsregulativet for renovasjon og slam

Gebyret gjeld slamavskiljarar m.m. som er pålagt tvungen kommunal tømming (Forureiningslova § 26 og forskrift om hushaldsavfall og slam i Ålesundregionen) .

Slamavskiljarar tilknytt heilårsbustad eller fritidsbustad skal tømmast heilt for slam etter behov,  men ikkje sjeldnare enn anna kvart år når det gjeld heilårsbustad eller fjerde kvart år for fritidsbustad. (Forureiningsforskrifta § 12-13)

Tette tankar skal tømmast kvart år, med mindre det er særlige grunnar for dispensasjon. 

Årleg tømming kan også bli pålagt for slamavskiljarar som er mindre enn forskriftskravet.

Næring

Næringseigedomar og større anlegg kan velje kven dei vil bruke til slamtøming.

Dersom du ikkje er tilknytt kommunal slamtømmeordning gjennom Attvin, må du sende inn årsrapport til kommunen innan 1. mars påfølgande år.

Anlegg for bubilar og fritidsbåtar

Det er etablert tømmestasjon for bubilar i tilknyting til bubilparkeringa i Sorenskriver Bulls gate.

Det er etablert tømmestasjon for fritidsbåtar ved Brosundet.

Ansvar og mynde

Eigar av private avløpsanlegg er ansvarleg for drift og vedlikehald av anlegget, og skal kunne dokumentere at slamavskiljarar blir tømt og slam levert til godkjent mottak. Kommunen er forureiningsstyresmakt og tilsynsstyresmakt for alle mindre avløpsanlegg under kapittel 12 i forureiningsforskrifta. For større anlegg er kommunen forureiningsstyresmakt etter kapittel 13 og Statsforvaltaren etter kapittel 14 i forureiningsforskrifta.