Utslepp av feitt lagar problem for drift av rør, pumper og reinseanlegg.
Kven skal ha feittutskiljar?
Verksemder som serverer eller produserer mat skal ha installert feittutskiljar slik at feitt blir skilt ut og ikkje slepp ut på avløpsnettet.
Eksempel på verksemder som må ha feittutskiljar:
- Restaurantar
- Kaféar og konditori
- Catering og ferdigmatprodusentar
- Gatekjøkken og kioskar
- Pizza- og hamburgarbarar
- Kantiner
- Slakteri
- Kjøttforedlingsbedrifter
- Fiskeforedlingsbedrifter
- Hermetikkindustri
- Margarin- og matoljeindustri
- Friteringsindustri
- Bakeri
- Meieri
- Røykeri
- Matbutikkar med steike-/grillavdeling
Lista er ikkje fullstendig.
Korleis søker du om påslepp av feitthaldig avløpsvatn?
Før installasjon av ny eller utskifting av feittutskiljar skal det sendast inn søknad:
Søk om påslepp av feitthaldig avløpsvatn
Kva treng du å gjere med feittutskiljaren?
Du må inngå avtale med et tømefirma for regelmessig tømming av feittutskiljar tilpassa bruken.
Internkontrollsystemet til verksemda skal ha ein skriftleg avtale om service/kontroll og tøming, kor ofte de skal vere kontroll og tøming. Kommunen skal ha kopi av denne avtalen. Kommunen skal også ha melding dersom avtalen opphøyrer eller blir endra.
Service/kontroll og tømming skal gjerast av bedrifter med nødvendig kompetanse og utstyr. Temperatur på vatn ut frå feittutskiljaren skal alltid målast ved tøming og må ikkje overstige 30°C.
Frityrfeitt
Frityrfeitt stivnar veldig raskt og skal aldri tømast i avløpet, men må leverast til godkjent mottak eller hentast etter avtale.
Korleis skal du rapportere?
For alle verksemder med påslepp av feitthaldig avløpsvatn skal alle kontrollar, tømingar og temperaturmålingar rapporterast til kommunen digitalt. Dette gjer bedrifta som du har service-kontroll og tømeavtale med, gjennom operatørportalen.
Årsgebyr
Du betaler årsgebyr for kontroll/tilsyn ut frå gjeldande betalingsregulativ.
Regulativet ligg i Forskrift om påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentleg avløpsnett, Ålesund kommune, Møre og Romsdal (PDF, 144 kB)
Forskrifta gjeld mellom anna gebyr for kommunens saksbehandling av og kontroll/tilsyn med påslepp av feitthaldig avløpsvatn frå verksemd etter forurensningsforskriften § 15A-4 og lokal forskrift om påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentlig avløpsnett.
Meir informasjon