Vi er til stades der ungdom er, byggjer relasjonar og tilbyr råd, rettleiing og oppfølging. Målet er å førebyggje rus, kriminalitet, utanforskap og andre utfordringar som kan påverke livssituasjon, helse og meistring. Vi ønser å bidra til at ungdom får støtte og hjelp tidleg.
Dette kan du få hjelp til
Utekontakten tilbyr:
- oppsøkjande tilstadevering på arenaer der ungdom oppheld seg
- tidleg kontakt og relasjonsbygging med unge som kan vere i ein sårbar situasjon
- samtalar, råd og rettleiing om utfordringar knytte til til dømes skule, fritid, familie, rus, sex og identitet, seksuell helse, psykisk helse, vennskap og trivsel
- kortvarig oppfølging og støtte for å styrkje meistring og motivasjon
- vidareformidling til rett hjelpeinstans ved behov, i samarbeid med den unge og eventuelt føresette
- samarbeid med skule, føresette og andre tenester når dette er nødvendig og innanfor gjeldande reglar om samtykke og teieplikt
Utekontakten er ikkje ei behandlings- eller akutt teneste, men ei lågterskel førebyggjande teneste som skal vere tilgjengeleg, fleksibel og tett på kvardagen til ungdommen. Sjå andre hjelpetenester for barn og ungdom.
Foreldrerettleiing
Vi har god kunnskap om korleis det kan opplevast å vere forelder eller føresett for ungdom og unge vaksne i tida vi lever i no. Vi tilbyr derfor samtalar, støtte og rettleiing til foreldre og andre aktuelle personar i nettverket rundt ungdommen. Dette kan dreie seg om handtering av konfliktar, rus, psykisk helse, mobbing eller andre utfordringar. Vi har òg god oversikt over hjelpeapparatet og kan hjelpe dykk i kontakt med rett hjelpeteneste.
Ta kontakt – vi er her for deg
Vi veit at det kan vere vanskeleg å ta kontakt når ein opplever at noko er utfordrande. Vår erfaring er at mange som kjem til oss, synest det er godt å få lufte tankane og få støtte i det dei står i, i tillegg til å få gode råd på vegen. Dersom du ikkje veit kvar du skal begynne, kan du ta kontakt med oss.
Du kan møte oss på skular, på fritidsklubbar, ute i sentrum, på Moa og i nærmiljøa rundt om i kommunen, på arrangement og møteplassar for ungdom og på sosiale medium. Vi prøver å vere tilgjengelege der ungdom er.
Lurer du på noko? Ta kontakt, eller møt oss der vi er!