KI-forsterka søk

Ålesund kommune nyttar kunstig intelligens (KI) i søkefunksjonen på nettsidene våre. Målet er å gjere det enklare å finne informasjon og tenester.

Still spørsmål i heile setningar

Når du brukar søket, kan du skrive spørsmål med eigne ord, slik du ville spurt ein person. Til dømes:

  • Kven har rett til billigare barnehageplass?
  • Korleis få innsyn i byggesak?

I tillegg til ei liste med relevante treff får du eit KI-generert samandrag av informasjonen som finst på nettsidene våre.

Du treng ikkje kjenne kommunen sine omgrep

Du treng ikkje vite kva ei teneste, ein avdeling eller eit skjema heiter. Skriv det du leiter etter med dine eigne ord, så prøver søket å finne relevant informasjon.

Søket kan også forstå fleire språk og dialektar.

Slik bruker du søket

Du finn søkefunksjonen ved å klikke på Søk øvst på nettsida. Skriv inn spørsmålet ditt i søkefeltet og trykk Enter eller klikk på søkeikonet.

Kontroller informasjonen i treffa

Det KI-genererte samandraget er basert på innhald frå Ålesund kommune sine nettsider. Kunstig intelligens kan likevel gi feil eller unøyaktige svar. Dersom informasjonen er viktig for deg, bør du alltid kontrollere opplysningane i treffa som blir viste.

Finn du feil eller manglar i søket, set vi pris på tilbakemelding slik at vi kan forbetre løysinga.