Borgundfjordstien

Borgundfjordstien, frå Bogneset til Furmyra, er no ferdig og Ålesund kommune har starta planlegging av forlenging av turvegen mot Ålesund sentrum.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.
Foto av turvandrer på Fjordstien i Ålesund - Klikk for stort bilete

 

 

Borgundfjordstien er ein tursti som går langs Borgundfjorden mellom Bogneset og sjukehuset i Ålesund. Stien er ca. 3,5 km lang, derav 2 km mellom Bogneset og småbåthamna i Hatlevika, og 1,5 km vidare til krysset mellom Borgundfjordvegen og Svartskjervegen like nedanfor sjukehuset. Fjordstien vart ferdig i 2021, og den er eit populært turmål.

 

Store delar av stien er universelt utforma

Stien er primært gruslagt, med unntak av nokre kortare strekk ved bustadområde der traseen er lagt over eksisterande vegar. Bruk av sykkel på stien skal berre skje med lav hastigheit av omsyn til dei andre brukarane, samt for å unngå slitasje på dekket.

Store delar av stien er universelt utforma, og kan godt nyttast med både barnevogn og rullestol.  Av omsyn til tilpassing til eksisterande terreng, har det derimot ikkje vore mogleg å følge stigningskrava langs heile stien. Den tyngste bakken finn ein like aust for småbåthamna, der stien har ei stigning på rundt 10 % i ca. 100 m på kvar side av ei lita høgde i Hatlevika.

Område for gode pausar

Aust for denne høgda ligg det eit lite friområde med badestrand og piknikbord, der det er mogleg å ta seg ein pust i bakken for dei som måtte trenge det.

På Geileberget sør for Borgundfjordvegen ligg det eit kjekt friområde med mellom anna piknikbord, gapahuk og grillmoglegheiter.

Parkering

Turgåarar kan stå parkert i inntil 3 timar på desse stadane: 

  • Nedre Bogneset
  • Slevika
  • Hatlevika
  • Borgundfjordvegen (også HC-parkering)

 

 

 

Arbeidet med Borgundfjordstien

Arbeidet med det som då blei kalt Fjordstien begynte i 2009, etter at bystyret i dåverande Ålesund kommune bestemte seg for å bygge ein samanhengande tursti frå ytterst på Bogneset og inntil Furmyra aust for sjukehuset.

Fjordstien er finansiert med statleg støtte frå mellom anna Miljødirektoratet og med tippemidlar frå Norsk Tipping.

Utbyggingsarbeidet starta våren 2012, med første etappe frå Bogneset til Holmeskjærvika. Første del av stien blei opna september 2012 og andre delen i juni 2013.

Andre etappe starta hausten 2016, frå Holmeskjærvika til Svartskjærvegen. I mai 2019 stod Fjordstien ferdigbygd frå Bogneset til Snopenesvegen på Åsestranda. Våren 2021 vart prosjektet ferdig, og friområdet ved Geileberget er no knytt saman med Fjordstien og det er bygd ein parkeringsplass like sør for Geilebergvegen. 

Stien fekk namnet Borgundfjordstien våren 2022.

Fleire strekningar planlagt

Borgundfjordstien skal ikkje avsluttast med dette. Planlegginga av fleire strekningar vestover frå Bogneset mot sentrum er allereie i gong. Meir informasjon om dette vil bli tilgjengeleg her etter kvart.