Urabakken og Furmyra - sikrare og reinare vatn

Vi skiftar gamle drikkevassrør, ordnar nye vasskummar og skil ut overvatnet. Til saman gir det reinare vatn både inn og ut frå området.

veg med gravemaskin som jobbar - Klikk for stort bilete

Prosjektet i Urabakken og Furmyra starta våren 2023 og skal halde fram ut 2024. I 2024 reknar ein med å starte arbeidet i sjølve Furmyrvegen.

Arbeidet er tidlegare varsla til nabolaget, og når gravinga nærmar seg ditt hus og di innkøyring vil entreprenøren ta direkte kontakt med deg slik at du for eksempel får flytta bilen. Det blir også lagt til rette slik at du kan gå over grøfter. 

Nye drikkevassrør

Det skal skiftast 850 meter med gamle asbestrør for drikkevatnet. Desse røra er dårlege og det har vore fleire brot på vassleidninga berre sidan arbeidet starta.

Under arbeidet vert det lagt midlertidig vassleidning frå kum til kum før ein fjernar dei gamle røra. Asbestrøra vert plukka vekk i heile lengder og behandla som forureining etter strenge krav. Arbeidet med røra skal difor ikkje påverke verken drikkevatnet eller folk og omgivnadene rundt røra. 

Det vert i tillegg laga nye vasskummar langs strekninga. Då får ein skilje drikkevassleidning og avløpsleidningar frå kvarandre også i kummane slik at det ikkje er fare for at avløpsvatn skal leke inn i drikkevatnet. 

Nye avløpsleidningar

I prosjektet skal det også leggast nesten 900 meter avløpsleidningar der ein legg ei leidning for spillvatn ut frå husa og ei leidning for overvatn som regnvatn frå terreng og gater. Då får vi sende overvatnet direkte i sjøen medan spillvatnet går til reinsestasjonen. Når ein skil desse to typane vatn frå kvarandre, så slepp ein problemet med for mykje vatn til pumpestasjonane noko som igjen fører til overløp og dårleg reinsa avløpsvatn som går ut i sjøen. 


Entreprenør: Blindheim maskin

Byggestart: Våren 2023

veg med ny asfalt - Klikk for stort bilete
veg med ny asfalt - Klikk for stort bilete
veg med gravemaskin som jobbar - Klikk for stort bilete
veg gjennom bustadområde - Klikk for stort bilete