Norskopplæring med fleirspråkleg støtte

For å gi vaksne innvandrarar betre utbytte av norskopplæringa, sette Ålesund vaksenopplæring i gang eit prosjekt, som no blir pilotert vidare av forskarar ved OsloMet.

Elevar frå Ålesund vaksenopplæring i eit klasserom - Klikk for stort bileteDeltakarar på Ålesund vaksenopplæring sitt prosjekt «Morsmålsstøtte i norskopplæringa for deltakarar med liten skulebakgrunn» Tatjana Kvisgaard

Kva?

Forsking viser at morsmålsstøtta språkopplæring for deltakarar med liten skolebakgrunn har god effekt. Ved bruk av morsmål og intensiv norskopplæring ønska Ålesund vaksenopplæring å oppnå større læringsutbytte for deltakarar med liten eller ingen skolebakgrunn.

På same tid ønska skolen å gjere det mogleg for deltakarane å lukkast i språkpraksis ute i bedrifter, ved hjelp av morsmålsassistentar som kulturelle og språklege brubyggarar. Erfaring har synt at det kan oppstå mange mistydingar i slike situasjonar.

Korleis?

Deltakargruppa fekk ekstra lærardekning og tre morsmålsassistentar, som til saman dekkjer alle dei fem morsmåla i deltakargruppa.  Morsmålsassistentane var også godt kjende med reglane i arbeidslivet, både i Noreg og landet deltakarane kjem frå.

Deltakerane hadde undervisning på skolen fem dagar i veka frå august 2019 til mai 2020, og dei var i språkpraksis to dagar i veka dei siste månadene av prosjektet. Eitt av effektmåla i prosjektet var å oppnå A1 munnleg i februar 2020. Elleve av fjorten deltakarar oppnådde derimot A2, altså eit heilt nivå over målsetjinga.  

Morsmålsassistentane hadde også timeplanfesta samarbeidstid med lærarane kvar veke for å evaluere undervisninga og planlegge veka etter. Morsmålsassistentane var ikkje bare brubyggjarar mellom lærar og deltakar, men også andre vegen: Dei ga lærarane verdfull innsikt i kva kunnskap deltakarane hadde frå før om dei ulike emna, og kva deltakarane forsto, eller ikkje forsto.

Produkter

Kursbeskrivelse (PDF, 434 kB)

Bruk av morsmålsassistenter. Metodisk veileder (PDF, 2 MB)

Film: Dialog mellom veileder og morsmålsassistent, arabisk-norsk - en kontrastiv presentasjon (PDF, 381 kB)

Kortfilm om bruk av morsmålsstøtte i norskopplæring i klasserommet og på praksisplass (PDF, 380 kB)

Finansiering

Støtte fra Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI).

Kva skjer vidare?

På oppdrag frå IMDI har forskarar ved OsloMet plukka ut Ålesund vaksenopplæring sitt prosjekt «Morsmålsstøtte i norskopplæringa for deltakarar med liten skulebakgrunn» til vidare  pilotering. Piloteringsprosjektet  heiter «Norskopplæring med fleirspråkleg støtte».

Det er bruk av morsmålsstøtte i klasserommet som skal piloterast. Ålesund vaksenopplæring er saman med Lillestrøm voksenopplæring og Drammen voksenopplæring plukka ut som piloteringsskolar. Deltakarar skal delast i to grupper, der eine gruppa får fleirspråkleg støtte, og den andre, kontrollgruppa, ikkje får slik støtte, men norsktalande assistent. Prosjektet startar i september 2021 og varer til juni 2022. Ålesund vaksenopplæring skal i tillegg også vere rettleiar for dei to andre skulane.

Når

  • Prosjektet «Morsmålsstøttet språkopplæring for deltakarar med liten skolebakgrunn» starta august 2019 og blei avsluttet 30. september 2020.
  • Pilotprosjektet «Norskopplæring med flerspråkleg støtte» startar i september 2021 og varer til juni 2022.

Kven

Ålesund vaksenopplæring ved Tatjana Kvisgaard