Bevegelsesglede og meistring

Dette er eit samarbeidsprosjekt i ungdomsskolen som handlar om førebygging av inaktivitet og helseplager. Det er fysioterapeutar som står i spissen for prosjektet.

Kvinner og menn i en gruppe smiler utenfor inngangen til et skolebygg - Klikk for stort bilete

Bakgrunn

Fysioterapitenesta i kommunen har i fleire år fått tilvisingar som gjeld elevar i ungdomsskolen med diffuse plager. Dette førte til at det ble søkt om pengar til eit pilotprosjekt. Pilotprosjektet på Spjelkavik ungdomsskole har vist at fysioterapeuten kan bidra med fagkunnskap om kropp, helse og aktivitet for å ivareta elevane si fysiske og psykiske helse. 
Både blant elevane og gjennom pilotprosjektet er erfaringa at det er mange elevar som ikkje deltar i kroppsøving. Elevar på ungdomsskolen er i ein sårbar alder i forhold til å skape gode vanar for resten av livet. Pubertet, identitet og psykisk helse er med på å gjere bildet av ungdommane meir komplekst og krev ofte tverrfagleg tilnærming.  

Resultat frå Ungdataundersøkelsen i Ålesund kommune 2017 og 2020 viser auka fråfall frå fysisk aktivitet frå barneskole til ungdomsskole. Det kan sjå ut til at denne tida er erstatta med auka skjermtid og inaktivitet.

Om prosjektet

Bevegelsesglede og meistring er eit treårig prosjekt støtta av Damstiftelsen, med Nasjonalforeningen for Folkehelse som søkarorganisasjon. 

Prosjektet skal, i samarbeid med skolehelsetenesta og skolane, bruke kompetansen til to fysioterapeutar for å finne ut korleis ein kan førebygge inaktivitet, fråfall frå deltaking i fysisk aktivtet, helseplager og skadar hos ungdom. Det er konkretisert fire mål:

  1. Fysioterapi - Å utvikle og etablere eit fysioterapitilbod i den tverrfaglege tilnærminga inn mot elevar i ungdomsskolealder.
  2. Kroppsøving – Å være ein samarbeidspartnar for lærarar i kroppsøving for å sikre deltaking og gode opplevingar av å bevege seg.
  3. Frivilligheita - Prøve ut metodar for å nytte dei frivillige, spesielt lokallaget Blindheim og Hatlehol helselag, for at elevar i ungdomsskolealder skal oppleve bevegelsesglede og meistring.
  4. Forsking - Koordinere følgeforskinga, det vil seie å legge til rette for at forskarar ved Høgskulen i Volda får gjennomført si forsking ved dei aktuelle skolane.

Samarbeid

Høgskulen i Volda bidrar med evaluering og forsking gjennom prosjektet. Evalueringsgruppa er sett saman av fagfolk frå ulike fagmiljø ved høgskulen, og vil kunne undersøke problemstillingar som gjeld alle delmål i prosjektet. I gruppa er det fagfolk med kompetanse innan idrett/kroppsøving og lærarutdanning, og fagfolk med lang erfaring frå forsking på folkehelsefeltet - med perspektiv som inkluderer tverrfaglege tilnærmingar og medverknad.

Prosjektet er forankra med/gjennom ei styringsgruppe med representantar frå ulike kommunalområde. I tillegg har Blindheim og Hatlehol helselag (Nasjonalforeningen for Folkehelsen) har vore med i planlegginga og utforminga av prosjektet, og har to representantar med i styringsgruppa.

Kvar

Det er ungdomsskolane Blindheim og Spjelkavik som i første omgang får glede av prosjektet. Skoleåret 2022/23 er også Ellingsøy ungdomsskole med i prosjektet. Eit mål er å finne metodar for eit fysioterapitilbod på alle ungdomsskolar i Ålesund kommune.

Kven

Egill Helguson Neumann er fysioterapeut og prosjektleiar, og er kontaktperson for prosjektet. I tillegg er fysioterapeut Kristina Smogeli prosjektmedarbeidar i 50% stilling.

Kontakt Egill på: