Byrom Ringgata

Det har lenge vore eit stort behov for gode uteareal og møteplassar for folket på Aspøya. Her vil både fastbuande og andre kunne opphalde seg, leike, møte andre eller berre slappe av.

Illustrasjon av nytt byrom i Ringgata i Ålesund - Klikk for stort bilete
Illustrasjon av nytt byrom i Ringgata i Ålesund - Klikk for stort bilete
Illustrasjon av nytt byrom i Ringgata i Ålesund - Klikk for stort bilete
Illustrasjon av nytt byrom i Ringgata i Ålesund - Klikk for stort bilete
Barn som leker. - Klikk for stort bilete
Hus og en lekeplass under opparbeiding.  - Klikk for stort bilete

Kva bygger vi?

Det nye byrommet er delt inn i litt ulike delar. 
•    Ein møteplass med plantning og benker, fint for å møte både kjende og ukjende
•    Ein leikeplass med leikeapparat og plass til å springe fritt rundt, og ei multibane med basket, minitennis og fotball.
•    Eit grønt område der ein kan vandre gjennom både gamle og nye tre, kanskje ein kan senke skuldrene litt her?

I området har det lenge vore store og flotte tre, og mange av desse blir tekne vare på og bringa vidare i det nye byrommet. Dei bidreg både til ein god atmosfære, og til solskygging dei dagane det er aktuelt.  Sjølve byrommet med alle fasilitetar blir ferdig seint i sommar/tidleg haust, og det er planlagt ei opning med folkefest og aktivitetar for barn og unge.  

Det vil også bli gjennomført ei utsmykking av området av tre kunstnarar, som kvar har ein si eiga tilnærming. Dette arbeidet skal vere ferdig til jul, men sjølve byrommet kan likevel takast i bruk ganske snart.

Prosjektet er støtta av fylkeskommunen gjennom støtteordninga «Byen som regional motor». 

Når skal prosjektet vere ferdig?

  • Prosjekt tittel: Byrom Ringgata
  • Byggestad: Steinvågen
  • Bruttoareal: -              
  • Planlagd oppstart: 2023
  • Kostnadsramme: 7 000 000 
  • Planlagde oppstart på byggeplass: Haust 2023
  • Planlagd ferdigstilling: 2024

Kven er ansvarleg?

  • Kven er ansvarleg: ÅKE og Miljø og samferdsel
  • Prosjektansvarleg hos ÅKE: Rebecka Flinck Nikolaisen
  • Prosjektansvarleg hos Miljø og samfersel: Linda Fiskerstrand Sperre
  • Leverandør utstyr/arkitekt: Kompan AS

Kunstnarleg utsmykking

Det vil også bli gjennomført ei utsmykking av området av tre kunstnarar, som kvar har si eiga tilnærming. Dette arbeidet skal vere ferdig til jul, men sjølve byrommet kan likevel takast i bruk ganske snart.

Gatekunst

Biletkunstnaren Albin Siggesson bruker akryl, feittstift, spraymåling og blekk til å skildre menneske, gjenstandar og hendingar frå eige liv. Han har fått i oppdrag å utsmykke nokre av fasadane med gatekunst, og gi området eit visuelt løft. Albin si tilnærming kan beskrivast som rått og upolert, men med mykje sensibilitet bak kvart motiv. Han blir omtalt av mange som leiken i alvoret.  

Mosaikk

Kunstnar Vilde Vegem skal lage ein installasjon av stein og mosaikk i Woodland området. Vegem har brei erfaring med å jobbe med ulike materiale på ein ny og overraskande måte og arbeid med foto.  Ho har utdanninga si frå Khio, den kunstnariske praksisen hennar spenner frå små objekt til store skulpturar. I samband med installasjonen hennar i Ringgata har det vore viktig å sjå på korleis sunnmørsk vêr og vind kan påverke ulike materiale, og på korleis tradisjonelle metodar og moderne teknologi saman kan skape nye kunstnariske uttrykk. 

Lyskunst

Jesper Kongshaug er ein erfaren lysdesignar, som har fått i oppgåve å iscenesetje området med lys. Lyset kan få fram kvalitetane i området, og skape både tryggleik og trivsel. Den lange blåtimen vi har så langt nord, der sola gjerne blir timevis brukte på å gå ned, gjer at lyssetjing ikkje berre handlar om å lyse opp i bekmørket. Lyssetjing i denne tidsluka påverkar kor lenge folk er ute og bruker uteområda, og å lyssetje staden på lag med det unike lyset.