For å ha rett til å stemme ved stortingsvalet og sametingsvalet må du fylle visse kriterium og stå i manntalet for det aktuelle valet:
Les om kven som har stemmerett her
Førehandsstemming frå 11. august
Frå og med 11. august til og med 5. september kan du førehandsstemme i alle vallokale i heile landet. Dersom du stemmer i ein annan kommune enn der du har bustadsadresse, blir stemma sendt til heimkommunen din (der du er registrert busett i folkeregisteret per 30. juni).
Dersom du har førehandsstemt kan du ikkje stemme på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje førehandstemme fleire gangar.
Sjå kvar du kan stemme på førehand.
Stemme på valdagen
Valdagen for stortings- og sametingsvalet 2025 er måndag 8. september.
På valdagen kan du berre stemme der du er registrert busett i folkeregisteret per 30. juni.
Informasjon om vallokale og opningstider på valdagen finn du her
Hugs legitimasjon
Ta med legitimasjon, som har namn, fødselsdato og bilde. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde.
Det er slutt på valkort. I staden vil alle veljarar få tilsendt eit generelt informasjonskort utan strekkode. Derfor må valfunksjonærane taste inn dei 11 siffera i fødselsnummeret ditt.
Les meir om legitimasjon og valkort
Slik stemmer du ved stortingsvalet i din eigen kommune
- Gå først inn i avlukket og trekk for.
- Ta stemmesetelen til partiet du vil stemme på. Ved stortingsval er det ikkje lov å gjere endringar på stemmesetelen. Du kan derfor ikkje stryke eller endre rekkefølge på kandidatar.
- Brett stemmesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut - då kan ingen sjå kva du stemmer.
- Gå til ein valmedarbeidar og vis legitimasjon. Valmedarbeidaren stemplar utsida av stemmesetelen og kryssar deg av i manntalet. Stemmesetelen må ha stempel for å bli godkjent.
- Legg den stempla stemmesetelen rett i urna. Det skal ikkje brukast konvolutt eller andre omslag rundt stemmesetelen.
Slik førehandsstemmer du ved stortingsvalet i ein annan kommune
Når du bur i eit anna fylke
Dersom du stemmer på førehand i eit anna fylke enn der du står i manntalet må du først be ein valfunksjonær om å få ein avkryssingstemmesetel. Der står berre namnet til dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn. Du må då krysse av for, eller skrive på, kva parti eller gruppe du vil stemme på.
Når du bur i ein annan kommune i same fylke
Dersom du stemmer på førehand i ein annan kommune, men i same fylke, brukar du dei vanlege setlane med kandidatnamn.
- Gå inn i avlukket og trekk for.
- Ta stemmesetelen til partiet du vil stemme på. Ved stortingsval er det ikkje lov å gjere endringar på stemmesetelen. Du kan derfor ikkje stryke eller endre rekkefølge på kandidatar.
- Brett stemmesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut - då kan ingen sjå kva du stemmer.
- Gå til ein valmedarbeidar og vis legitimasjon. Valmedarbeidaren stemplar utsida av stemmesetelen og kryssar deg av i manntalet. Stemmesetelen må ha stempel for å bli godkjent.
- Når stemmesetelen er stempla av ein valmedarbeidar legg du setelen i ein stemmesetelkonvolutt. Denne blir lagt i ein omslagskonvolutt saman med eit informasjonskort som viser namnet ditt og kva kommune stemma skal sendast til. Legg konvolutten din i valurna.
- Konvolutten blir deretter sendt til heimkommunen din for oppteljing der.
Slik stemmer du ved sametingsvalet
- Kontakt valfunksjonær og få utlevert eit stemmesetelsett. Dette kan du gjere når du leverer stemmesetel for stortingsvalet, dersom du vil stemme ved begge vala.
- Gå i valavlukket, ta den stemmesetelen du vil bruke og gjer eventuelle endringar. Ved sametingsvalet kan du altså, i motsetnad til stortingsvalet, gjere endringar på stemmesetelen.
- Brett setelen når du er ferdig.
- Gå til stemmesetelbordet, vis legitimasjon og du får utlevert ein stemmesetelkonvolutt.
- Legg stemmesetelen i konvolutten og lim igjen. Setelen skal ikkje stemplast slik ein gjer med stemmesetlar til stortingsval.
- Legg fram valkortet, dersom du har det med. Viss ikkje, vil valfunksjonær fylle ut eit kort manuelt. Valkortet og stemmesetelkonvolutten blir lagt i ein omslagskonvolutt som du sjølv skal legge oppi urna.
Tilrettelegging
Ta kontakt med ein valmedarbeidar dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal stemme. Valmedarbeidarane har teieplikt.
Dersom du treng tilrettelegging når du skal stemme, kan du
- få hjelp til å stemme i eit vallokale
Har du ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting som gjer at du ikkje kan stemme åleine? Då har du rett på å få hjelp til å stemme av ein valmedarbeidar eller ein person som du sjølv peikar ut. - få hjelp til å stemme utanfor vallokalet.
Viss ein veljar ikkje kan ta seg inn i vallokalet, skal to valmedarbeidarar ta imot veljaren si stemme rett utanfor vallokalet. - få lov til å stemme heime
Veljarar som på grunn av sjukdom eller at dei er uføre ikkje kan stemme i eit vallokale, kan søke om å få førehandsstemme heime. Då kjem to valmedarbeidarar heim til deg og tar imot stemma di. Søknadsfristen er torsdag 4. september kl. 12.00. Send e-post med opplysning om namn, fødselsdato, telefonnummer og adresse til postmottak@alesund.kommune.no eller ring 70 16 20 00.