Når og kvar kan du stemme?

Du kan stemme på førehand mange ulike stadar i Ålesund heilt frå 1. juli til og med 5. september. I tillegg på valdagen 8. september.

Viktige datoar ved stortings- og sametingsvalet i 2025

  • 11. august–5. september: Førehandsstemming.
  • 4. september: Siste frist for å søke om å få stemme heime (før kl. 12.00).
  • 8. september: Valdag i Ålesund  (kl. 10.00 - 21.00). 
     

For å kunne stemme må visse kriterium vere oppfylt.

Førehandsstemming

Ordinær førehandsstemming startar 11. august og varer til og med fredag 5. september. 

 Sjå opningstider og plassering av lokale for førehandsstemming

Opningstider i ulike vallokale på valdagen

Måndag 8. september har Ålesund kommune opne ni ulike stemmelokale;

Sjå opningstider og plassering av stemmelokale valdagen

Så sant du er registrert i folkeregisteret i Ålesund kommune innan fristen 30. juni kan du velje fritt kva av desse lokala du vil stemme i. Det er altså ikkje slik at du må møte opp i din eigen stemmekrets, for eksempel kan du stemme i det lokalet som er nærast der du jobbar.