Når kan du stemme?

Det blir tilbydd tidlegstemmegiving, førehandsstemming, stemming ved helse- og omsorgsinstitusjonane, og heimestemming for dei som ikkje kan kome til eit vallokale.

Viktige datoar ved stortings- og sametingsvalet i 2025

  • 1. juli–8.august: Tidlegstemming. 
  • 11. august–5. september: Førehandsstemming.
  • 4. september: Siste frist for å søke om å få stemme heime (før kl. 12.00).
  • 8. september: Valdag i Ålesund  (kl. 10.00 - 21.00). 

Tidlegstemming

I perioden 1. juli til 8. august kan du tidlegstemme på følgande stader og tider:

  • Innbyggartorget på Steinshamn ordinær opningstid
    Måndag – torsdag kl. 09.00 – 14.30. (stengt 11.30 - 12.00)
    NB! Stengt veke 30.
  • Innbyggartorget på rådhuset i Ålesund ordinær opningstid
    Måndag til fredag kl. 09.00 – 15.30
  • Biblioteket på Moa ordinær opningstid.
    Måndag - fredag kl. 10.00 - 16.00
    Laurdag kl. 10.00 - 15.00 (stengt laurdag 05.07.2025)
     

Ordninga er tenkt for deg som ikkje har høve til å stemme innanfor førehandsstemmeperioden eller på valdagen 8. september. 

Førehandsstemming

Ordinær førehandsstemming startar 11. august. Tid og stad vert kunngjort seinare.

Manntal for stortingsvalet

Du er innført i manntalet i den kommunen du er registrert i Folkeregisteret som busett 30. juni 2025. 

Manntalet både for stortingsvalet og for sametingsvalet ligg ute til offentleg ettersyn på rådhuset frå ca. 14. juli. 

Du kan kontrollere om du er innført i manntalet ved å kontakte kommunen din, anten per telefon, e-post eller oppmøte på rådhuset.

Manntal for sametingsvalet

Manntalet ligg ute til offentleg ettersyn på rådhuset frå ca. 14. juli. 

Les meir om sametingsvalet.