Legitimasjon og valkort

Du må ha med legitimasjon når du skal stemme, både ved førehandsstemming og på valdagen.

Det er ikkje tilstrekkeleg å oppgi namn og fødselsdato.

Legitimasjonen til veljaren skal innehalde namn, fødselsdato og ansiktsfoto. Eksempel på godkjent legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) og bankkort med bilde.

Slutt på å få tilsendt valkort

Har du stemmerett, vil du få tilsendt informasjon frå Valdirektoratet, men dette er ikkje lenger i form av eit valkort. Informasjonen inneheld heller ikkje nokon strekkode som kan skannast. Valfunksjonærane må dermed taste inn dei elleve siffera i fødselsnumeret ditt – eventuelt søke deg opp i manntalet ved hjelp av anna informasjon, som namn, adresse og så vidare.

Informasjonen frå Valdirektoratet blir som hovudregel sendt elektronisk til di digitale postkasse (Digipost eller e-Boks). Har du reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege, eller ikkje stadfesta opplysningane i kontakt- og reservasjonsregisteret, mottar du informasjonen i di fysiske postkasse.

Informasjonen frå Valdirektoratet vil innehalde nyttig informasjon om valet, men du treng ikkje ha dette med når du skal stemme. Det einaste du treng vise fram er gyldig legitimasjon (sjå ovanfor).

Må du stemme der du bur?

Fram til 5. september kan du førehandsstemme kvar som helst i heile Noreg. På sjølve valdagen må du stemme i den kommunen du var folkeregistrert per 30. juni.

I eigen kommune kan du oppsøkje det vallokalet du vil. Du treng altså ikkje bruke vallokalet som er nærast der du bur, dersom det for eksempel er meir praktisk å oppsøke eit vallokale nær arbeidsplassen din.