Kven kan stemme ved stortingsvalet?
Du har stemmerett ved stortingsvalet 2025 dersom oppfyller desse fire kriteria:
- Er norsk statsborgar.
- Er eller fyller 18 år innan utgangen av 2025.
- Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg.
- Ikkje har mista stemmeretten etter Grunnlova § 53.
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet.
Les meir om manntal og stemmerett på valg.no
Kven kan stemme ved sametingsvalet?
- Du må ha fylt 18 år innan utgangen av valåret
- Du må også vere registrert i Sametinget sitt valmanntal.
- Dersom du er same frå Sverige, Finland eller Russland, må du ha vore folkeregistrert i Norge dei tre siste åra før du kan registrere deg inn i Sametinget sitt valmanntal.
Sjå meir informasjon på sametinget sine sider.
Står du i manntalet?
Du er innført i manntalet i den kommunen der du ifølgje Folkeregisteret budde onsdag 30. juni 2025.
Frå måndag 12. juli til og med valdagen ligg utleggingsmanntalet for Ålesund kommune til offentleg ettersyn på innbyggartorget i Ålesund rådhus. Då kan du sjå om du står registrert og manntalsført i denne kommunen.