Oppdrag som valmedarbeidar
Slik det ser ut no har vi rekruttert nok valmedarbeidarar til stortings- og sametingsvalet 2025. Å vere valmedarbeidar er ei viktig og meiningsfull oppgåve.
Arbeidsoppgåver
- Ta imot og registrere stemmer frå veljarar.
- Rettleie og assistere veljarar
- Klargjere og halde orden i vallokalet
- Delta i oppteljinga på valdagen
Kvalifikasjonar
- Vallova stiller strenge krav til korrekt valresultat. Som valmedarbeidar må du derfor vere nøyaktig og kunne jobbe under press.
- Du må også vere vant til å bruke pc og kommunisere godt.
- Alle valmedarbeidarar må fylle 18 år i løpet av 2025.
- Du kan ikkje stå som listekandidat ved stortingsvalet.
- Opplæringa som vi held er obligatorisk.
Godtgjering
Førehandsperioden
258 kroner per time,-
Er du kommunalt tilsett gjeld andre reglar.
Valdagen
Valmedarbeidar ute i vallokala får eit honorar på kr 4.033
Godtgjersla gjeld for heile valdagen, inkludert opplæring og kan bli redusert tilsvarande ved mindre oppmøtetid.
Sist endra 07.07.2025 14.24