Spjelkavik, Åse og Lerstad kommunedelsutval

Kommunedelsutvalet er eit lokalt folkevalt organ som legg til rette for dialog og utvikling i nærmiljøet og gir råd i lokale saker.

Turveg - Klikk for stort bileteTurveg i Spjelkavik Karl Otto Kristiansen

Kva gjer kommunedelsutvalet?

Kommunedelsutvalet arbeider for utvikling av nærmiljøet og gir råd og innspel i saker som gjeld kommunedelen.

Utvalet representerer innbyggjarane i området og skal styrkje lokal medverknad og engasjement. Det er eit bindeledd mellom lokalsamfunnet og kommunen.

Utvalet blir oppnemnt for ein periode på fire år, i samband med kommunevalet.

Kommunedelen 

Spjelkavik, Åse og Lerstad er ein av dei største kommunedelane i Ålesund, med over 14 000 innbyggjarar. Området er eit viktig knutepunkt med handel, arbeidsplassar, god infrastruktur og variert nærmiljø med tilgang til natur og friluftsområde.

Bli meir kjent med kommunedelen

Send innspel til kommunedelsutvalet

Har du forslag eller innspel til utvikling av nærmiljøet ditt? Kommunedelsutvalet ønskjer å høyre frå innbyggjarane.

Viktige saker i området

I Spjelkavik, Åse og Lerstad kommunedelsutval er vi opptekne av at skulevegane til elevane i vår kommunedel er trygge å gå på til og frå skulen.

Vi er opptekne av å jobbe for at det blir lettare med frivillig arbeid og fremje frivillige organisasjonar i vår kommunedel.

Vi er opptekne av at det blir laget til samlingsplassar for alle innbyggjarar i vår kommunedel, då vi ser at det ikkje er så mykje av det i vår kommunedel.

Vi er veldig opptekne av å høyre frå innbyggjarane i vår kommunedel, då vi alle som sit i utvalet representerer alle innbyggjarane i vår kommunedel.

Medlemmar og møte 

Portrett av mann med skjegg - Klikk for stort bilete
Person-illustrasjon - Klikk for stort bilete

 Kommunedelsutvalet har opne møte der innbyggjarar kan følgje behandlinga av saker.

Sjå medlemmar, møte og referat for Spjelkavik, Åse og Lerstad kommunedelsutval

Søk støtte frå kommunedelsutvalet

Kommunedelsutvalet disponerer midlar som kan gå til tiltak i nærmiljøet.

Du søkjer ved å sende e-post til utvalet.

Følg arbeidet til kommunedelsutvalet

Følg Spjelkavik, Åse og Lerstad kommunedelsutval på Facebook, for informasjon om møte, aktivitet og aktuelle saker.