Sandøy kommunedelsutval

Kommunedelsutvalet er eit lokalt folkevalt organ som legg til rette for dialog og utvikling i nærmiljøet og gir råd i lokale saker.

Storsanden på Sandøy Peder Otto Dybvik

Sandøy kommunedel omfattar fleire øysamfunn nord i kommunen. Området er prega av kystkultur, sterke lokalsamfunn og nærleik til havet, med natur, fiske og maritime næringar som viktige grunnlag. 

Kva gjer kommunedelsutvalet?

Kommunedelsutvalet arbeider for utvikling av nærmiljøet og gir råd og innspel i saker som gjeld kommunedelen.

Utvalet representerer innbyggjarane i området og skal styrkje lokal medverknad og engasjement. Det er eit bindeledd mellom lokalsamfunnet og kommunen.

Utvalet blir oppnemnt for ein periode på fire år, i samband med kommunevalet.

Viktige saker i området

Her kjem informasjon frå kommunedelsutvalet. 

Medlemmar og møte 

 Kommunedelsutvalet har opne møte der innbyggjarar kan følgje behandlinga av saker.

Sjå medlemmar, møte og referat for Sandøy kommunedelsutval

Slik kan du påverke saker i nærmiljøet ditt

Har du innspel til utviklinga av nærmiljøet ditt? Kommunedelsutvalet ønskjer å høyre frå innbyggjarane i kommunedelen.

Du kan ta kontakt dersom du har innspel til til dømes trafikktryggleik, oppvekstmiljø, møteplassar, friluftsområde eller andre saker som er viktige lokalt.

  • Send e-post til utvalet
  • Møt opp i opne møte
  • Kom med innspel til aktuelle saker som er på høyring eller under behandling

E-postadresse til leiar og nestleiar: kdu.sandoy@alesund.kommune.no

Søk støtte frå kommunedelsutvalet

Kommunedelsutvalet disponerer midlar som kan gå til tiltak i nærmiljøet.

Du søkjer ved å sende e-post til utvalet.