Steinvågbroa
Kva gjer kommunedelsutvalet?
Kommunedelsutvalet arbeider for utvikling av nærmiljøet og gir råd og innspel i saker som gjeld kommunedelen.
Utvalet representerer innbyggjarane i området og skal styrkje lokal medverknad og engasjement. Det er eit bindeledd mellom lokalsamfunnet og kommunen.
Utvalet blir oppnemnt for ein periode på fire år, i samband med kommunevalet.
Kommunedelen
Kommunedelen Hessa, Skarbøvik og Aspøy (ca. 9 800 innbyggjarar) strekkjer seg frå sentrum og vestover mot havet. Området har ein variert miks av byliv, maritim næring og natur.
Aspøy er bykjernen med jugendstil og handel, Hessa er ei attraktiv bustadøy med natur og utsikt, medan Skarbøvik har røter i industri og fiske, og i dag også moderne bustadområde.
Bli meir kjent med kommunedelen
Slik kan du påverke saker i nærmiljøet ditt
Har du forslag eller innspel til utvikling av nærmiljøet ditt? Kommunedelsutvalet ønskjer å høyre frå innbyggjarane.
Viktige saker i området
Desse sakene er viktige for kommunedelsutvalet:
- Oppvekstvilkår for barn og unge
- Trafikksikringstiltak
- Opprusting av leikeplassar og grøntområde
- Sentrumsutvikling
- Ny trafikkløysing over Steinvågsundet
Medlemmar og møte
Kommunedelsutvalet har opne møte der innbyggjarar kan følgje behandlinga av saker.
Sjå medlemmar, møteplan og dokument for Hessa, Aspøy og Sentrum kommunedelsutval
Søk støtte frå kommunedelsutvalet
Kommunedelsutvalet disponerer midlar som kan gå til tiltak i nærmiljøet.
Du søkjer ved å sende e-post til utvalet.
Følg arbeidet til kommunedelsutvalet
Følg Hessa, Skarbøvik og sentrum kommunedelsutval på Facebook, for informasjon om møte, aktivitet og aktuelle saker.