Ellingsøy kommunedelsutval

Kommunedelsutvalet er eit lokalt folkevalt organ som legg til rette for dialog og utvikling i nærmiljøet og gir råd i lokale saker.

Øy - Klikk for stort bileteEllingsøya Ellingsøyvegen

Kva gjer kommunedelsutvalet?

Kommunedelsutvalet arbeider for utvikling av nærmiljøet og gir råd og innspel i saker som gjeld kommunedelen.

Utvalet representerer innbyggjarane i området og skal styrkje lokal medverknad og engasjement. Det er eit bindeledd mellom lokalsamfunnet og kommunen.

Utvalet blir oppnemnt for ein periode på fire år, i samband med kommunevalet.

Kommunedelen

Ellingsøy kommunedel ligg aust i Ålesund kommune og er eit attraktivt bustadområde med kort avstand til sentrum. Øya har variert natur, gode friluftsmoglegheiter og eit aktivt lokalsamfunn.

Bli meir kjent med kommunedelen

Send innspel til kommunedelsutvalet

Har du forslag eller innspel til utvikling av nærmiljøet ditt? Kommunedelsutvalet ønskjer å høyre frå innbyggjarane.

Viktige saker i området

Her kjem informasjon frå kommunedelsutvalet. 

Medlemmar og møte 

Portrett av dame - Klikk for stort bilete
Portrett av mann - Klikk for stort bilete

Sjå medlemmar, møte og referat for Ellingsøy kommunedelsutval

Kommunedelsutvalet har opne møte der innbyggjarar kan følgje behandlinga av saker.

Søk støtte frå kommunedelsutvalet

Kommunedelsutvalet disponerer midlar som kan gå til tiltak i nærmiljøet.

Du søkjer ved å sende e-post til utvalet.

Følg arbeidet til kommunedelsutvalet

Følg Ellingsøy kommunedelsutvalg på Facebook, for informasjon om møte, aktivitet og aktuelle saker.