Skodje kommunedelsutval

Kommunedelsutvalet er eit lokalt folkevalt organ som legg til rette for dialog og utvikling i nærmiljøet og gir råd i lokale saker.

Skodje kommunedel ligg på nordsida av Storfjorden og omfattar tettstadene Skodje, Valle og Glomset. Området er prega av vakker natur, bygdesamfunn og dei kjende Skodjebruene.

Kva gjer kommunedelsutvalet?

Kommunedelsutvalet arbeider for utvikling av nærmiljøet og gir råd og innspel i saker som gjeld kommunedelen.

Utvalet representerer innbyggjarane i området og skal styrkje lokal medverknad og engasjement. Det er eit bindeledd mellom lokalsamfunnet og kommunen.

Utvalet blir oppnemnt for ein periode på fire år, i samband med kommunevalet.

Viktige saker i området

Her kjem informasjon frå kommunedelsutvalet. 

Medlemmar og møte 

 Kommunedelsutvalet har opne møte der innbyggjarar kan følgje behandlinga av saker.

Sjå medlemmar, møte og referat for Skodje kommunedelsutval

Slik kan du kome med innspel

Har du ei sak som gjeld nærmiljøet ditt? Kommunedelsutvalet ønskjer innspel frå innbyggjarane.

Du kan:

  • ta kontakt med utvalet
  • møte opp i opne møte
  • sende inn forslag eller saker på e-post til kommunedelsutvalet

E-postadresse til leiar og nestleiar: kdu.skodje@alesund.kommune.no