Peder Otto Dybvik
Ørskog er ei naturskjøn bygd ved Storfjorden, om lag 40 km aust for Ålesund. Med Sjøholt som knutepunkt har området eit aktivt næringsliv og nærleik til fjell og fjord.
Kva gjer kommunedelsutvalet?
Kommunedelsutvalet arbeider for utvikling av nærmiljøet og gir råd og innspel i saker som gjeld kommunedelen.
Utvalet representerer innbyggjarane i området og skal styrkje lokal medverknad og engasjement. Det er eit bindeledd mellom lokalsamfunnet og kommunen.
Utvalet blir oppnemnt for ein periode på fire år, i samband med kommunevalet.
Viktige saker i området
Her kjem informasjon frå kommunedelsutvalet.
Medlemmar og møte
Kommunedelsutvalet har opne møte der innbyggjarar kan følgje behandlinga av saker.
Sjå medlemmar, møte og referat for Ørskog kommunedelsutval
Slik kan du kome med innspel
Har du ei sak som gjeld nærmiljøet ditt? Kommunedelsutvalet ønskjer innspel frå innbyggjarane.
Du kan:
- ta kontakt med utvalet
- møte opp i opne møte
- sende inn forslag eller saker på e-post til kommunedelsutvalet
E-postadresse til leiar og nestleiar: kdu.orskog@alesund.kommune.no