Nørvøy, Nørvasund og Hatlane kommunedelsutval

Kommunedelsutvalet er eit lokalt folkevalt organ som legg til rette for dialog og utvikling i nærmiljøet og gir råd i lokale saker.

Foto av turvandrer på Fjordstien i Ålesund - Klikk for stort bilete

Nørvøy, Nørvasund og Hatlane er ein sentral og mangfaldig kommunedel i Ålesund, frå sentrum og Aksla til bustadområde ved Nørvasund og Hatlane, med gode samband og variert nærmiljø.

Kva gjer kommunedelsutvalet?

Kommunedelsutvalet arbeider for utvikling av nærmiljøet og gir råd og innspel i saker som gjeld kommunedelen.

Utvalet representerer innbyggjarane i området og skal styrkje lokal medverknad og engasjement. Det er eit bindeledd mellom lokalsamfunnet og kommunen.

Utvalet blir oppnemnt for ein periode på fire år, i samband med kommunevalet.

Viktige saker i området

Dette er kommunedelsutvalget opptatt av:

  • Trafikktryggleik knytt til skulevegar
  • Høyringspart i offentlege planprosessar (reguleringsplanar)
  • Levekår for ungdom
  • Kollektivtilbodet
  • Friluftsliv
  • Renovasjon og vintervedlikehald i sentrum

Medlemmar og møte 

 Kommunedelsutvalet har opne møte der innbyggjarar kan følgje behandlinga av saker.

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for Nørvøy, Nørvasund og Hatlane kommunedelsutval

Slik kan du kome med innspel

Har du ei sak som gjeld nærmiljøet ditt? Kommunedelsutvalet ønskjer innspel frå innbyggjarane.

Du kan:

  • ta kontakt med utvalet
  • møte opp i opne møte
  • sende inn forslag eller saker på e-post til kommunedelsutvalet

E-postadresse til leiar og nestleiar: kdu.norvoy.norvasund.hatlane@alesund.kommune.no