SteinvågbroaKommunedelen Hessa, Skarbøvik og Aspøy (ca. 9 800 innbyggjarar) strekkjer seg frå sentrum og vestover mot havet. Området har ein variert miks av byliv, maritim næring og natur.
Aspøy er bykjernen med jugendstil og handel, Hessa er ei attraktiv bustadøy med natur og utsikt, medan Skarbøvik har røter i industri og fiske, og i dag også moderne bustadområde.
Kva gjer kommunedelsutvalet?
Kommunedelsutvalet arbeider for utvikling av nærmiljøet og gir råd og innspel i saker som gjeld kommunedelen.
Utvalet representerer innbyggjarane i området og skal styrkje lokal medverknad og engasjement. Det er eit bindeledd mellom lokalsamfunnet og kommunen.
Utvalet blir oppnemnt for ein periode på fire år, i samband med kommunevalet.
Viktige saker i området
Her kjem informasjon frå kommunedelsutvalet.
Medlemmar og møte
Kommunedelsutvalet har opne møte der innbyggjarar kan følgje behandlinga av saker.
Sjå medlemmar, møteplan og dokument for Hessa, Aspøy og Sentrum kommunedelsutval
Har du ei sak som gjeld nærmiljøet ditt? Kommunedelsutvalet ønskjer innspel frå innbyggjarane.
Du kan:
- ta kontakt med utvalet
- møte opp i opne møte
- sende inn forslag eller saker på e-post til kommunedelsutvalet
Send e-post til leiar og nestleiar: kdu.hessa.skarbovik.aspoy@alesund.kommune.no
Kommunedelsutvalet disponerer midlar som kan gå til tiltak i nærmiljøet.
Du søkjer ved å sende e-post til utvalet.