Klagenemnda

Ålesund kommune si klagenemnd (klageutval) behandlar klager over enkeltvedtak som er gjort i Ålesund kommune, der ikkje annan klageinstans er særskilt bestemt i lova. 

Klagen skal alltid sendast til forvaltningsorganet som har gjort vedtaket, ikkje direkte til klagenemnda.

Klagenemnda er oppnemnt av Ålesund kommunestyre for heile den kommunale valperioden, og er sett saman av fem faste medlemmar. Desse medlemmane kan ikkje vere medlem i formannskapet, eller planutvalet.

Dei fleste sakene som blir behandla i Ålesund kommune si klagenemnd er unntatt offentlegheit fordi dei inneheld personsensitive opplysningar. Sakene blir anonymiserte i saklista, og møta i klagenemnda vil vere lukka under behandlinga.

Klagenemnda sine vedtak kan ikkje klagast på.

Fleire detaljar om kva mynde klagenemnda har står i reglement-for-folkevalgte-organ-2023-2027.pdf (alesund.kommune.no)

Medlemmar og møte

  • Leiar Andrea Hunger
  • Nestleiar Gunnar Erling Krüger

 

Sjå medlemmar, varamedlemmar,  møteplan og sakliste for klagenemnda