Det politiske arbeidet på nivået under kommunestyret skal vere organisert som utval, oppretta med heimel i § 5-7 i kommunelova.
Hovudutvala er saksførebuande organ for kommunestyret, men har og vedtaksmynde i saker, slik det går fram av vedtatt delegeringsreglement. Kvart hovudutval har 11 medlemmar.
Oppgåver
Hovudutvalet for helse og omsorg har kjerneoppgåver med å hjelpe innbyggarane til å kunne leve eit så aktivt og sjølvstendig liv som råd. Utvalet sitt fagområde er pleie- og omsorgsteneste, helseteneste, psykisk helse og rus, aktivitet og sysselsetting.
Medlemmar og møte
- Leiar: Runar Paulsen (H)
- Nestleiar: Lars Barstad Løvold (FrP)
Sjå medlemmar, møteplan og dokument for hovudutval for helse og omsorg