Ordførar og varaordførar

Håkon Lykkebø Strand (FrP) er ordførar, og Monica Molvær (H) er varaordførar.

Portrettbilete Håkon Lykkebø Strand Ordfører - Klikk for stort bileteOrdfører Håkon Lykkebø Strand Jon Åge Giske Andersen

Håkon Lykkebø Strand (FrP) er ordførar i Ålesund kommune.

Ordføraren leiar møta i kommunestyret og formannskapet. Ordføraren har møte- og talerett i alle kommunale organ, men har berre stemme- og forslagsrett som vald medlem.

Han er rettsleg representant for, og skriv under på vegne av kommunen i alle tilfelle der mynde ikkje er tildelt andre.

Han kan avgjere saker som ikkje er prinsipielle og som kommunestyret har gitt fullmakt til.

Varaordførar

Monica Molvær (H) er varaordførar i Ålesund kommune.

Varaordføraren trer inn i staden for ordføraren. Dette inneber blant anna å leie møte i kommunestyret og formannskapet når ordføraren ikkje er til stades. Varaordførar er, som ein av dei fremste folkevalde, med på å representere kommunen i møte med innbyggarane. Ordføraren og varaordføraren deler på representasjonsoppdrag.

Portrettbilete av Varaordførar Monica Molvær - Klikk for stort bileteVaraordførar Monica Molvær Jon Åge Giske Andersen