Meddommar i Ålesund

Her finn du informasjon om vervet som meddommar i Ålesund kommune. Meddommarar er vanlege innbyggarar som er med på å ta avgjersler i rettssaker.

Ålesund kommunestyre oppnemnde 20.6.24 meddommarar til Møre og Romsdal tingrett, Frostating lagmannsrett og jordskifteretten for perioden 2025 – 2028. Det er pr. i dag ikkje behov for fleire meddommarar.

Kva gjer ein meddommar?

Meddommarar eller lagrettemedlemar er vanlege innbyggarar som er med på å ta avgjersler i rettssaker. Som meddommar kan du rekne med å verte innkalla ein til tre gongar i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og til vanleg får du fri frå jobb for å utføre vervet. Om du taper arbeidsforteneste vert det gitt erstatning for det.

Kven kan bli meddommar?

Meddommarar blir valde av kommunestyret for ein periode på fire år. Skjønnsmedlemmer blir valde av fylkestinget for ein periode på fire år.

Vi ønsker mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting.

Ålesund kommune pliktar å undersøke om du fyller vandelskrava.

Sjå domstollova § 70-72 om vandel og andre krav til dei som kan veljast 
 

Sjå video om det å vere meddommar

 

Lurer du på noko?

Har du spørsmål som gjeld vervet ta gjerne kontakt med politisk sekretariat politisk@alesund.kommune.no.

Møteplikt

Alle som står i utvalet over meddommarar og som blir trekt ut til å gjere teneste i ei sak, har møteplikt. Denne plikta gjeld med mindre du uttrykkjeleg blir friteken frå møteplikta.

Søk om fritak som meddommar

Skal du søke om fritak for ei enkeltsak, må du ta kontakt direkte med domstolen. Kommunen har berre rett til å gi permanente fritak.

Det er generelt strenge krav for å bli fritatt som meddommar. Du er vald for ein fireårsperiode og har plikt til å sitte i vervet til perioden går ut. Ønsker du fritak frå vervet som meddommar, må du sende inn en søknad med grunngiving.

Grunnar til at du kan kreve deg fritatt frå vervet er helsetilstand, om du har vore meddommar i 2 periodar eller andre sæskilde grunnar.

Send fritakssøknad her

Arbeidstakaren har i utgangspunktet rett til permisjon dersom dette er nødvendig for å oppfylle møteplikt i offentlege organ. Dette er regulert i arbeidsmiljølova § 12-13. 

Skikk og bruk i retten

Det vil bli lagt merke til kva du seier og gjer i ein rettssal. For å halde oppe tilliten til retten si avgjerd er det viktig å opptre nøytralt i og utanfor rettssalen. Gjennom normal fin kledning og eit nøytralt kroppsspråk i retten, viser du som meddommar respekt for partane og alvoret i situasjonen dei er i.

Få praktisk informasjon om rolla som meddommar på nettsidene til Noregs domstolar: Meddommar | Norges domstoler

Lønn og dekking av reisekostnader

Du har vanlegvis krav på honorar for arbeidet som meddommar. 

Dersom du ikkje er i eit tilsettingsforhold, får du 750 kroner per oppmøtedag. Dette gjeld studentar, pensjonistar, arbeidsledige, trygda og så vidare.

Får du lønn frå arbeidsgivar, får du ikkje noka særskild godtgjersle.

Blir du trekt i lønn av arbeidsgivar, har du krav på å få lønna dekt. Du må då ha ein attest frå arbeidsgivar som seier kva sum du blir trekt i lønn.

Som sjølvstendig næringsdrivande får du dekt tapt arbeidsforteneste, normalt blir dette utrekna etter gjennomsnittleg tap per dag. Dette tapet finn du ved å dele årets bruttoforteneste på 225 dagar. Bruttoforteneste kan dokumenterast ved kopi av likningsattest.

Reisekostnader blir dekte. I utgangspunktet skal offentleg transport nyttast.

Kontaktinformasjon domstolar

Møre og Romsdal tingrett | Norges domstoler

Frostating lagmannsrett | Norges domstoler

Møre og Romsdal jordskifterett | Norges domstoler

 

Særskilt om meddommarar i jordskifteretten

Dei fleste sakene medfører synfaring i skog og mark. Meddommarane må difor ha normalt god helse og kunne ta seg fram i terrenget.

Her finn du meir informasjon om jordskifteretten.

Særskilt om skjønnsmedlemmer

Skjønnsmedlemmer blir brukte i spesielle saker der det skal utøvast skjønn, til dømes verdifastsetting av fast eigedom i samband med ei ekspropriasjonssak. Desse sakene blir regulerte av skjønnsprosesslova. 

Meddommarar i lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten kan i tillegg oppnemnast som skjønnsmedlemmar.

Det er inga øvre aldersgrense for vervet.

Ålesund har foreslått 35 skjønnsmedlemmer til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kommunen ser særleg etter kandidatar med kompetanse innan/som:
land- og skogbruk
arealplanlegging
eigedomsutvikling
fast eigedom
vatn og avløp
entreprenør
arkitekt
eigedomsmeklar
takstmann (bygningskunnig kompetanse)
revisor/økonom