Historisk sett har berre eit fåtal i samfunnet hatt innsyn i korleis dei politiske prosessane utspelar seg. I dag er det lettare enn nokon gong å følgje med.
Dette er positivt for alle, men særleg for dei som har ulike funksjonsnedsettingar.
Gjennom KommuneTV levert av Aventia har innbyggarane i Ålesund lett tilgang til direktesendingar og opptak frå tidlegare møte.
Når politiske møte blir sendt:
- Er alle saksdokument festa til bokmerke.
- Vert forslag festa til bokmerke, med forslagsstillar. Dette gjeld både forslaga som er innsendt før og undervegs i møtet.
- Vert alle vedtak festa til bokmerke fortløpande, med stemmetal og fullstendig liste over kven som har stemt kva.
Ein kan sjå:
- Skriftleg oversikt over kven som hadde ordet i løpet av møtet
- Protokoll med vedtak og prosedyre. Dette vert lagt ut i etterkant
Trykk på CC-knappen for å få tekst
For å gi betre tilgang til personar med nedsett høyrsel har kommunen frå 23. januar i 2024 tatt i bruk eit automatisk teksteprogram. Sjølv om nokre detaljar kan bli feil, er det eit stort steg i rett retning med å gjere dei politiske prosessane meir tilgjengelege.
CC-knappen på KommuneTV
For å bruke den automatiske tekste-funksjonen må du trykke på CC-knappen i nedre høgre hjørne i videovindauget. Der må du velje tilgjengeleg tekstspråk.