Ny trafikktryggingsplan

Ålesund kommune lagar ein ny trafikktryggingsplan som skal styrke tryggleiken for alle som ferdast i trafikken. Planen byggjer på nullvisjonen og skal gi ei oversikt over utfordringar og prioriterte tiltak i kommunen.

Kvifor lagar vi ein trafikktryggingsplan?

Nullvisjonen – målet om at ingen skal døy eller bli hardt skadde i trafikken – er fundamentet for trafikktryggingsarbeidet i Noreg. I Nasjonal transportplan 2025–2036 er delmålet for 2030 at det ikkje skal vere fleire enn 350 drepne og hardt skadde i trafikken, og ikkje fleire enn 50 drepne. Det langsiktige målet er at ingen skal omkomme i trafikken innan 2050.

Trafikktryggingsarbeid handlar om å redusere risikoen for ulykker og skadar for alle trafikantar. Den nye trafikktryggingsplanen skal løfte fram dei viktigaste prioriteringane og bidra til at Ålesund kommune når både lokale og nasjonale mål.

Formålet med trafikktryggingsplanen

Planen skal gi ei heilskapleg oversikt over trafikktryggleiken i Ålesund, slik at vi kan prioritere tiltak der behovet er størst. Trafikktryggleik krev samarbeid på tvers av forvaltningsnivå, sektorar og fagområde. Planen beskriv korleis kommunen skal jobbe med trafikktryggleik lokalt for å møte utfordringane i åra framover.

Slik skal vi lage planen

Den 9. mars 2026 vedtok hovudutvalet for teknisk, miljø og samferdsel planprogrammet for temaplan for trafikktryggleik.

Eit planprogram er ein plan for sjølve planarbeidet. Det seier kva kommunen skal arbeide med, kvifor planen blir laga, og korleis arbeidet skal gå føre seg. Det viser også framdrifta i arbeidet, kva som må greiast ut, og korleis innbyggjarar og andre kan kome med innspel.

Les planprogrammet her