Det har vore oppretta ei kartløysing der alle innbyggjarar kunne markera i kart der dei opplever utrygge situasjonar eller kjenner seg utrygge i trafikken. Me fekk nesten 600 innspel frå innbyggjarar, i tillegg til eigne innspel frå skular. Det har komme innspel frå alle kommunedelane, godt spreidd rundt i kommunen. Desse innspela vil vera med å danna grunnlaget for trafikktryggleiksplanen sin handlingsdel, der haldningsskapande, organisatoriske og fysiske tiltak skal prioriterast. Dei blå innspela under er frå skular, medan dei raude er frå alle innbyggjarar.
