Medverknad

Det vil bli gjennomført ulike typar medverknad som del av prosessen med å utarbeide ny trafikktryggingsplan. Under finn du ei oversikt over kva slags medverknad som er planlagd, og dessutan korleis og når du kan delta.

Vi ønskjer å gjennomføre ein brei medverknadsprosess og hente innspel frå flest mogleg i arbeidet med å utarbeide ein ny trafikktryggingsplan for heile Ålesund kommune. Det blir opne for at alle innbyggjarar kan komme med innspel. Nokre utvalde grupper vil få høve til å medverke på ulike måtar, og planforslaget blir dessutan lagt ut til offentleg høyring.