Ålesund kommunestyre har vedtatt planstrategi for perioden 2024-2027. Saksdokument og underlaget for kommunestyret sitt vedtak kan du lese her, og den endelige planstrategien er publisert her.
Kva er ein planstrategi?
Ein kommunal planstrategi er verken ein plan eller ein strategi, men eit verktøy for prioritering av planleggingsressursar og planarbeid i valperioden. Planstrategien er heimla i plan og bygningsloven §10-1 og skal primært ta stilling til følgjande:
- Kva for føringar, utfordringar eller utviklingstrekk er spesielt viktige å ta hensyn til i kommunen si planlegging?
- Er det behov for å revidere kommuneplanen?
- Kva for planar eller strategiar skal prioriterast i valperioden?
Den nye planstrategien inneheld ei rekke nye planoppgåver. For å sikre at planstrategien samsvarar med utfordringsbilete og behov vil kommunestyret årleg vurdere prioriterte planoppgåver i samband med behandlinga av budsjett og økonomiplan.
Revisjon av kommuneplanen
Både samfunnsdelen og arealdelen av kommuneplanen skal reviderast i perioden. Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel vart vedtatt som del av planstrategien, og arbeidet tar til i 2025.
Arbeidet med kommuneplanen sin arealdel er i oppstartsfasen og vil gå føre seg over ein lengre periode. Det vil bli oppretta eigen informasjonsside for arbeidet med arealdelen.
Prioriterte planoppgåver 2024-2027
Oversikt over prioriterte planoppgåver for planperioden 2024-2027.
Sjå også
Planstrategi 2020-2024