Framdrift

Her finn du tidslinje/ framdriftsplan for prosessen med arealdelen

Planprosessen for arealdelen skal følge krav i plan- og bygningsloven med omsyn til politiske behandlingar. Tidslinja er ein førebels framdriftsplan og viser ei oversikt over dei viktigaste milepælane for politisk behandling, offentleg høyring og medverknad gjennom prosessen. 

Tidspunkta i tidslinja er omtrentlege og kan endre seg.  Vi vil oppdatere informasjonen fortløpande.

Haust 2024: Utarbeiding av planprogram.

Administrasjonen har utarbeidd høyringsutkast til planprogram

14.01.2025: Politisk oppstart i Planutvalet

Planutvalet vedtok å varsle oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel og samtidig legge forslag til planprogram ut til offentleg høyring

Planoppstart - Planutvalet 14.01.2025, sak 04/25 

Februar 2025: Varsel om oppstart og høyring planprogram

Det vart varsla oppstart av planarbeid og forslag til planprogrammet vart sendt på høyring. 

Høyringsperiode 18.02.2025 - 15.04.2025

 

Juni 2025: Fastsetting av planprogram

Planutvalet vedtok planprogrammet 24.06.2025

Sjå saksdokumenta her

Haust 2025: Arealverkstadar for næringslivet

Formålet med verkstadene var å hente inn innspel frå næringslivet som grunnlag for vurderinga av eksisterande og framtidige næringsareal i kommunen.  Det vart arrangert tilsaman fem tematiske verkstadar.

13.10.2025-22.10.2025

Les meir

 

Haust 2025: Fremtidsverkstadar

Det vart gjennomført medverknadsverkstader i alle kommunedelane

20.10.2025  - 23.10.2025

Les meir

Kartlegging av interesser i sjø

Vi kastar ut eit snøre – håper du bit på!
Ålesund kommune har store sjøareal som rommar arbeidsplassar, næring, friluftsliv, rekreasjon, forsking, ferdsel og fiske. Havet er ein viktig del av kvardagen og framtida vår.

No reviderer vi kommuneplanens arealdel for sjøområda, og for å gjere gode vurderingar treng vi kunnskap frå folk som kjenner havområda best: deg.

Frist: 13. april 2026

haust/vinter 2026: Første gongs behandling i Planutvalet

2026: Offentleg høyring av planforslag.

Haust 2027: Andre gongs behandling i Planutvalet

2027: Offentleg høyring etter andre gongs behandling

Haust 2028: Arealdelen til vedtak

Ny arealplan til vedtak i Kommunestyret. 

 

Har du spørsmål? 

Spørsmål vedrørende arealdelen kan sendast til e-post: postkommuneplan@alesund.kommune.no