Ny kommuneplan - Ålesund mot 2040 - Ålesund kommune

Ny kommuneplan - Ålesund mot 2040

Vi skal i dei komande åra jobbe med å oppdatere og tilpasse kommuneplanen sin arealdel (KPA) for å møte kommunen sine behov i framtida. KPA er den viktigaste styringsreiskapen for arealplanlegging og utbygging i kommunen. 

Torsk

Kartlegging av interesser i sjø

Vi kastar ut eit snøre – håper du bit på!
Ålesund kommune har store sjøareal som rommar arbeidsplassar, næring, friluftsliv, rekreasjon, forsking, ferdsel og fiske. Havet er ein viktig del av kvardagen og framtida vår.

No reviderer vi kommuneplanens arealdel for sjøområda, og for å gjere gode vurderingar treng vi kunnskap frå folk som kjenner havområda best: deg.

Del kunnskapen din

Oppsummeringa av innbyggjarane sine innspel

No er oppsummeringa av innbyggjarane sine behov, erfaringar og draumar tilgjengeleg. Sjå rapporten og bli betre kjent med nærmiljøet ditt.

Les meir

 

Hender som teiknar på eit kart frå medverknaden i haust
Dronefoto av Lerstad, Blindheimstunnelne, Moa

Næringsanalyse

Asplan Viak har kartlagt og analysert potensialet i eksisterande næringsareal i gjeldande kommunedelplanar, og vurdert moglegheiter for fortetting og behovet for nye næringsareal framover. 

Les meir