Kommuneplanen er ein lovpålagt plan som skal bidra til ønska samfunnsutvikling og arealutnytting i eit lengre tidsperspektiv.
Kommunal planlegging skal ta vare på både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. Kommuneplanen legg føringar for all anna planlegging, og skal ligge til grunn for både eigen og statleg/regionale verksemd i kommunen.
Kommuneplanen består av ein samfunnsdel med handlingsdel og ein arealdel.
- Samfunnsdelen skal innehalde langsiktige mål og strategiar, og skal peika ut retning for utviklinga av kommunen som organisasjon og samfunn. Samfunnsdelen skal bygge på FN sine berekraftsmål, og vise korleis måla vert følgt opp lokalt.
Her kan du lese samfunnsdelen.
Handlings- og økonomiplanen (med årsbudsjett) utgjer handlingsdelen til kommuneplanen i Ålesund kommune.
- Arealdelen består av et plankart med føresegner og ein planomtale med konsekvensutgreiing, og viser korleis areala i kommunen skal brukast og/eller vernast, og korleis strategiane frå samfunnsdelen skal realiserast ved rett lokalisering av tenester og funksjoner.
I kommunens kartportal kan du sjølv studere vedtatte kommuneplanar/kommunedelplanar, reguleringsplanar med tilhøyrande reguleringsføresegner og reguleringsplanar under arbeid.
Sjå planinnsyn og plankart.
Meir informasjon
Sist endra 09.07.2026 10.35