MedverknadHer finn du informasjon om korleis du kan medverke i planarbeidet i ulike delar av prosessen.I ein kommuneplanprosess er det ikkje berre sjølve planproduktet som er viktig. Samfunnsdebatt, engasjement og planforståing er også mål i seg sjølv. Ålesund kommune ønskjer å legge rette for eit aktivt lokaldemokrati der det skal være interessant å delta og ikkje minst enkelt å gi innspel. Det vil vere fleire høve til medverknad undervegs i planprosessen. Når kan du medverke?Medverknad vil i hovudsak skje i tre fasar av prosjektet ved oppstart av planarbeid og høyring av planprogram. Her kan innbyggarar og interessentar komme med innspel til oppstart. I tillegg blir det lagt opp til gjennomføring av regionalt planforum i høyringsperioden og interne medverknadsmøter. ved utarbeiding av kommuneplanen sin arealdel (planfasen). Det blir lagt opp til medverknad gjennom møter/dialog med innbyggarar, næringsliv osv. Ein plan for medverknad i denne fasa blir utarbeidd og informert om. ved offentleg høyring av utarbeidd planforslag. Sjå fasane i framdriftsplanen Oppstart og PlanprogramPerioden for å kome med innspel til oppstart av arealplanarbeidet og til å gi merknad til planprogrammet er no over. Det blir fleire høve til å medverke seinare i prosessen. Følg med på kommunen si nettside. Høyringsperiode 18.02.2025 - 15.04.2025Planprogram (PDF, 10 MB)- vedtatt 24.06.2025 Korleis vurderer vi innspelaAlle innkomne innspel blir vurdert opp mot eitt sett med kriteria for å “sile” ut innspel som skal greiast ut nærare i det vidare planarbeidet. Har du spørsmål? Spørsmål vedrørende arealdelen kan sendast til e-post: postkommuneplan@alesund.kommune.no Sist endra 19.08.2025 16.16