Barn og unge har rett til å bli høyrde og til å medverke i planarbeid. Dei kan gi viktige innspel om nærmiljøet sitt, til dømes om leikeplassar, skuleveg, trafikktryggleik, møteplassar og område for leik og fritid.
Plan- og bygningslova seier at kommunen skal ta særleg omsyn til barn og unge i planlegginga.
Barn og unge er som regel ikkje partar i plansaker på same måte som grunneigarar og naboar. Dei får derfor ikkje alltid høve til å fremje synspunkta sine på eiga hand. Yngre barna er avhengige av at vaksne tek vare på interessene deira.
Kommunen må derfor leggje til rette for medverknad frå barn og unge. Dette kan skje gjennom ungdomsråd, elevråd, barnetråkk, spørjeundersøkingar, verkstader og andre eigna metodar. Slik medverknad kan gi nyttige innspel i konkrete plansaker.
Barnerepresentant
Kommunen skal ta vare på omsynet til barn og unge i planlegginga. Etter plan- og bygningslova skal kommunestyret sørgje for ei særskild ordning som ivaretek barn og unge sine interesser i planarbeidet.
Barnerepresentanten skal sjå til at rettane og interessene deira blir vurderte i plansaker. Talspersonen skal sjå til at saksbehandling og vedtak tek omsyn til:
• plan- og bygningslova
• kommuneplanen
• nasjonale føringar for barn og unge
• FNs barnekonvensjon
Kommunen har eit viktig ansvar for å sikre gode oppvekstvilkår. Det inneber å sørgje for at barn og unge blir høyrde i saker som gjeld dei, og at interessene deira blir tekne med i vurderingane.
Kva er oppgåvene til barnerepresentanten?
Barnerepresentanten skal gjere barn og unge sine behov og interesser meir synlege i planlegginga.
Dette kan mellom anna handle om å sjå til at kommunen planlegg:
• trygge og gode uteområde
• møteplassar for leik, aktivitet og sosialt samvær
• gode område for idrett og friluftsliv
• trygge skulevegar og transportløysingar tilpassa barn og unge
• omgjevnader med minst mogleg støy, forureining og fare
Barnerepresentanten skal bidra til at barn og unge får eit godt oppvekstmiljø, og at planlegginga fremjar helse, trivsel og deltaking.
Det er viktig at barnerepresentanten blir kopla inn tidleg i plansaker, slik barnerepresentanten kan uttale seg før viktige avgjerder blir tekne.
Samarbeid og medverknad
For å ta vare på barn og unge sine interesser er det viktig med godt samarbeid på tvers av fagområde i kommunen. Gode møteplassar, tydelege rutinar og eigna verktøy kan styrkje arbeidet.
Barnerepresentanten kan også bidra i arbeid med Barnetråkk og i saker der fleire fagmiljø må samarbeide.
Kven er barnerepresentant?
Kommunen sin barnerepresentant er rådgivar i kommunalområde oppvekst, Lodvar Espeland.
Lovgrunnlag og relevante kjelder
Barn og unge i plan og byggesak